
Samskipnaden og studentane – eit kjærleik / hat
tilhøve?
Studensamskipnaden i Bergen skal ifølge forskrifter
vere velferdsorganisasjonen for studentane ved Universitetet.
Den skal legge tilhøva til rette både praktisk og økonomisk. Studenthyblar
skal skaffast til alle som treng det, til rimlege prisar. Studentkantinene
skal vere desentraliserte slik at fakulteta har sine kantiner,
og ikkje berre den på Studentsenteret. Er denne ideologien med
velferd og økonomiske goder, slik desse døma skulle vise det,
tilstades? Nei, diverre ikkje heilt. Det er ved kvart einaste
semesterstart ein skrikande trong for studentbustader. Det er
ikkje nok til alle som treng det, avdi det ikkje vert satsa nok
på bygging av nye. Den same leksa tek seg opp att år etter år.
Når skal endeleg Samskipnaden gjere meir og skrike ut høgare til
bevilgande styresmakter, på vegne av studentane?
Når det gjeld studentkantinene er saka liknande,
men etter mi meining ligg problemet mest i Samskipnaden sjølv.
Enno er ikkje nokon av kantinene lagt ned, men held tendensane
seg slik som dei gjer det i dag, så er ikkje kantinesentraliseringa
langt unna. Denne prosessen går ut på, ser det ut for, at opningstida
vert stadig korta ned, samstundes med færre tilsette. Argumenteringa
frå Samskipnaden er ofte at det nesten ikkje er studentar i kantinene
ved slutten av ein dag. Eit vikarierande argument. Ein må kunne
ha ei kantine som ikkje er stappfull heile tida, utan å kutte
i tid og krefter.
La meg ta studentkantina ved Sydneshaugen Skule
som eksempel. Ei gong i tida var opningstida til kl 19.00, så
for ikkje mange år sidan endra Samskipnaden den til kl 18.00.
Men like fort som sola ofte vert borte i ein norsk sommar, forsvann
deler av opningstida frå 18.00 til 17.00, og til 16.00 på fredagar,
denne sommaren. Samstundes med dette vart det færre tilsette.
Her ligg det bedriftsøkonomiske omsyn bak, det skal skjerast ned,
og overskotet skal helst vere så stort som mogeleg. Den nye lina
til den nye leiinga i Samskipnaden verkar for mange studentar
klar: Legg kantinene sakte, men sikkert ned, nesten umerkeleg
tilsynelatande, og få kanskje eit par store uoversiktlege, upersonlege
sentrale kantiner istaden. Med så få tilsette som mogeleg, stressande
rundt utan mogelegheit til god kontakt med studentane, og med
hyppige sjukemeldingar, av mangel på tid. Framtidskantina er klar!
Er det slik me studentar og dei som arbeider i kantinene
vil ha det? Sjølvsagt ikkje! At kantinepersonalet vil ha gode
arbeidstilhøve og god kontakt med studentane, har eg utallege
prov på. Eg har ikkje eit arbeid å miste om eg skriv i avisene
om det, noko dei kanskje har. Dette bør vere eit klart utsagn
frå universitetsmiljøet: Om at Samskipnaden må tenkje seg nøye
om, før eventuelt velferdsideologien vert kasta, og berre den
kalde bedriftsøkonomi står att.
Ivar Jørdre
student i arkeologi mellomfag.
|