I eit gamalt ærverdig hus i Kalfaret bur fem av utvekslingsstudentane
som ikkje fekk rom på Fantoft i haust. Dei fire som tar
imot Studvest kjenner seg ikkje igjen i klagebreva Kontor
for utanlandske studentar har mottatt denne hausten.
 |
kollektiv. f.v. Maite Cabero del Rio, Letizia
Simoncini, Peter Andersen og Daniel Edelhoff.
|
Peter Andersen opnar villig opp kollektivet. Amerikanaren
mekkar pommes frites på ein møkkete komfyr. Den andre
av sambuarane som er heime, tyske Daniel Edelhoff, snakkar
i telefonen med kjærasten, får vi vite. Men om litt viser
Daniel seg i døropninga på det gamle kjøkkenet. Vi vil
berre høyre litt om korleis desse tre-fire månadane i
Bergen har vore forklarar vi, og tar plass rundt eit stort
spisebord i det som må vere stova.
- Dei første fem dagane sov eg i bilen min, smiler Daniel.
- Fekk god hjelp
Både han og Peter hadde fått lovnad om hybel på Fantoft.
Bilen Daniel snakkar om, er forøvrig ein bobil. I haust
har han opplevd både Geiranger, Trondheim og Lillehammer
saman med den 17 år gamle bilen. Etter litt kjem dei to
jentene i kollektivet tilbake frå byen, Maite Cabero del
Rio frå Spania og Letizia Simoncini frå Italia. Både jentene
og Peter måtte tilbringe dei første fire-fem nettene i
Bergen på madrass på Fantoft. Dei har likevel eit godt
inntrykk av Universitetet og Kontor for utanlandske studentar.
- Vi fekk god hjelp. Eg har inntrykk av at dei gjorde
alt dei kunne for å finne hyblar til oss, seier Maite.
- Det hadde vore billegare å bu på Fantoft, medgir Letizia.
- Men Universitetet betalar tross alt 1100 kroner av husleiga,
slik at vi berre må ut med 2400 kroner i månaden. Vi brukar
heller ingen pengar til buss. Det tar berre 15 minutt
å gå til byen herifrå, smiler ho.
Kollektiv også neste semester
- Dette er betre enn Fantoft. Eg trur alle som har fått
hybel i byen er fornøgd med det, meiner Daniel.
- Eg har ikkje vore på Fantoft sidan den dagen eg kom
hit. Dei som bur der har Club Fantoft. Vi har jo heile
byen, seier Peter med eit glis og fortel at han jobbar
fast på Hulen.
- Og har du sett den flotte utsikta? spør Letizia. Frå
det kvite trehuset i Kalfaret ser ein heile Storelungeren
og halve sentrum. Dei fire sambuarane fortel at dei vil
bu i lag også neste semester. Daniel har forlenga studiane
i Bergen med eit halvt år. Om to vekers tid reiser alle
til heimlandet på juleferie, men før det har dei planar
om eksamensfeiring og internasjonal fest i Kollektivet.
- Har de lyst å komme, undrar firkløveret før vi spaserer
den snaue kilometeren tilbake til byen.
Klagebrev etter hybelrot
Utanlandske studentar klager over dyrare husleige som
følgje av at UiB denne hausten braut garantien om hyblar
til maksimalt 1820 kroner per månad.
|
 |
trivs. Utvekslingsstudenten Peter Andersen fekk
ikkje hybel på Fantoft slik Universitetet hadde
lova. No bur han i kollektiv i Kalfaret.
|
Kontor for utanlandske studentar ved Universitetet har
mottatt fleire klagebrev etter hybelrotet dette semesteret.
Studentane vart garantert hybel på Fantoft studentby med
husleige opp til 1820 kroner, men ein feil frå UiB si
side førte til at det vart bestilt for få hyblar frå Studentsamskipnaden
i Bergen (SiB). Dermed fekk eit tjuetals utvekslingsstudentar
hybel på den private marknaden. Frå to av klagebreva går
det fram at studentane meiner dei har fått rundt 1500
kroner i auka utgifter på grunn av dette. Kontor for utanlandske
studentar har likevel berre betalt 800 kroner tilbake.
Dette fordi studentane ville bli nøydd til å betale husleige
for heile august, om dei hadde fått hybel på Fantoft,
forklarar Mette Torrissen, utdanningsdirektør ved UiB.
- I reknestykka ligg også til grunn at ein del av studentane
får mindre bussutgifter når dei ikkje bur på Fantoft.
Vi har prøvd å finne den beste løysinga for studentane,
fortel Torrissen.