Mest aktive brukere »

Eksperten.

Den grenselause lova

KOMPLISERT. – Forbodet mot sexkjøp er svært vanskeleg å handheve fordi dei involverte partane ikkje er interessert i å anmelda forholda, seier professor i strafferett, Erling Johannes Husabø. Foto: LINN HELMICH PEDERSEN

Kjøp av sex er forbode både innanfor og utanfor Norges grenser. Professor Erling Johannes Husabø meiner dette er ei viktig lov.

Tekst: INGER MARIE LIEN
Sist oppdatert: 04.10.11 kl. 23.56
Kvifor er det viktig med ei sexkjøpslov?

Det blir rekna som umoralsk å kjøpe sex, men før ein fekk på plass lova i 2009, var det ikkje mogeleg å straffeforfølgje dette. Med kriminaliseringa av kjøp av sex, tok ein opp kampen mot prostitusjon og menneskehandel på ein heilt anna måte. Dei prostituerte er ofte fattige, utan andre inntektsmoglegheiter og har ikkje sjanse til å kome seg ut av systemet. Fordi det i dei fleste tilfelle er kvinner som er offeret, blir sexkjøp også gjerne sett på i eit feministisk perspektiv som kvinneundertrykkande.

Lova har blitt mykje omtalt i det siste på grunn av Hoksrud-saka, kvifor har denne saka fått så mykje merksemd?

Grunnen til det er nok at han er ein politikar og stortingsrepresentant. Når personar frå Stortinget ikkje overheld lover dei sjølv lagar, blir det sjølvsagt reaksjonar. Legitimiteten blir jo skadd med dette. Politikarane bør gå føre med eit godt eksempel og følgje norsk lov.

Men kva er så spesielt med sexkjøpslova?

For oss som bur i Norge er regelen spesiell fordi forbodet også gjeld i utlandet. Det vil seie at sjølv om sexkjøp er lov i landet ein oppheld seg i, kan ein bli straffa fordi ein er norsk. Grunnen til at forbodet også gjeld i utlandet er at særleg sexhandelen har blitt internasjonalisert, såkalla trafficking, og den aukar i omfang. Både FN, EU og Europarådet har jobba for å få bukt med problemet. Når det norske forbodet også gjeld når nordmenn oppheld seg i utlandet, er det for å gjere lovgjevinga meir effektiv i kampen mot menneskehandel og internasjonal prostitusjon.

Kvifor er dette eit vanskeleg problem å få løyst?

Handlingane rundt sexkjøpet forblir skjult. Verken den prostituerte eller sexkjøparen er interessert i å anmelde forholdet. Den prostituerte skil seg derfor frå offer i andre overgrepssaker. Det er heller ingen tydelege teikn på at dette skjer, slik som ved andre straffbare handlingar som promillekøyring eller eit bombeangrep. Forbodet mot slike handlingar blir derfor svært vanskeleg å handheve, særleg i utlandet, der regelen først og fremst blir av symbolsk verdi. Norsk politi har jo ikkje myndigheit til å drive spaning og etterforsking i utlandet.

Har andre land same type lovgjeving?

Eg kjenner i alle fall ikkje til at noko anna land har gjort det slik. Heller ikkje Sverige, som var modell for den norske sexkjøpslova, har strekt lova så langt.

Finnast det andre lover i Norge som også gjeld i utlandet?

Ja, det er fleire lover der norske statsborgarar kan bli straffeforfølgt i utlandet. Dette gjeld brotsverk mot rikets sikkerheit og offentlege myndigheiter som til dømes terrorisme, penge- og dokumentforfalsking, mishandling av familiemedlemmer og oppbevaring av barnepornografi.

Når ein snakkar om sexkjøpslova er det ein interessant parallell med forbodet mot kjøp av surrogatmor i utlandet. Innanfor Norge er ikkje dette lov, men det finnast ikkje noko forbod mot å kjøpe i utlandet. Begge forholda gjeld sal av kropp, men kjøp av surrogatmor i utlandet er enn så lenge ikkje kriminalisert. Denne typen handlingar er mykje tydelegare å oppdage fordi ein jo kjem heim med eit barn. På den andre sida gjer omsynet til barnet det problematisk å ta i bruk strafferetten mot dette.

ERLING JOHANNES HUSABØ
  • Professor i strafferett ved Universitetet i Bergen.
  • Forskningsfelt innan strafferett, statsrett og folkerett.
SEXKJØPSLOVA
  • Frå og med 01.01.2009 blei det kriminelt å kjøpe seksuelle tenester i Norge. Dette gjeld også i utlandet for norske statsborgarar og personar heimehøyrande i Norge.
  • Straffa for å kjøpe sex kan vere bøter eller fengsel på inntil seks månadar, i nokre tilfelle fengsel i opptil eit år.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.