Diabetes er ein hormonsjukdom der ein anten har absolutt eller relativ mangel på insulin, som gjer at kroppen ikkje klarer å regulere blodsukkeret sjølv. Type 1-diabetes vil seie at ein har mangel på insulin, medan type 2-diabetes inneber at insulinet ikkje verkar godt nok. Type 1 er mest vanleg hos unge, men vil kunne inntreffe i andre aldersgrupper også.
Dersom ein får for mykje insulin, og blodsukkeret går for langt ned, vil ein få føling. Ein kan begynne å kaldsveitte og få hjartebank. Vidare kan ein også få bevisstheitstap. Føling behandlast med sukker for å få opp att blodsukkeret på normalt nivå.
Ein reknar med at ein til fem prosent av Norges befolkning har kjent diabetes. Nesten like mange kan ha type 2 utan å vite det. I England reknar ein med at ein fjerdedel av dei som blir født i dag, vil utvikle diabetes på grunn av fedme, feil kosthald og for lite fysisk aktivitet. I Norge er ikkje tala så dystre, men ein må likevel overvake sjukdommen nøye, spesielt med tanke på at over 20 prosent av den norske befolkninga har fedme. Ved BMI på 30 har ein person fedme, og om ein person har ein BMI på 40, kan han eller ho vere kandidat for fedmeoperasjon.
Følgesjukdommane som til dømes hjarte- og karsjukdommane er alvorlege og farlege. Personar med diabetes er utsett for desse sjukdommane fordi spesielt type 2-diabetes heng saman med overvekt. Eg vil ikkje kalle diabetes sjølvforskyldt, det handlar heller om at vi treng ei samfunnsendring for å bevisstgjere at kosthald og fysisk aktivitet er viktig for å motverke utvikling av diabetes.
Den er veldig dyr for samfunnet, og det er eit vanskeleg regnestykke fordi det heng saman med forventa levealder. Det handlar nok om mange millionar. Alt utstyret ein må ha for å måle blodsukkeret, kostar mykje. Medisinen til kroniske sjukdommar vil alltid vere dyr, fordi ein må bruke dei konstant, og ofte heile livet. Mange må tidleg ut av arbeidslivet, og dermed taper samfunnet arbeidskraft. Mange av følgjesjukdommane inneber dyr behandling, som til dømes dialyse ved nyresjukdommar.
For personar som er i faresona vil mykje av jobben liggje i å forhindre sjukdommen. I forhold til diabetes er det seinkomplikasjonar som er farlege. Mange tenkjer nok ikkje over kva som skjer 20-30 år fram i livet når dei er unge, men det er dei langsiktige og langsame endringane som bør førebyggjast.
Det er fleire typar behandling. Livstiltak er spesielt viktig ved type 2-diabetes. Så har ein tablettar og insulin, og det har også kome nye medikament dei siste åra. Nokre pasientar brukar óg insulinpumpe. Sjølv om det går an å behandle følgjesjukdommane som hjarte- og karproblem, eller nyresjukdom, er det aldri ønskjeleg for ein person å ha slike sjukdommar. Det er viktig å vere klar over at utbreiinga av type 2-diabetes ville vore mindre om ein hadde eit betre kosthald og meir fysisk aktivitet. Mange som slankar seg, eller gjennomgår fedmeoperasjon, vil ofte klare å bli kvitt diabetes type 2.
Det er viktig med bevisstgjering rundt denne sjukdommen, spesielt fordi den er noko vi kan gjere noko med. Førebyggjing og riktig behandling vil ha stor betydning. Endringar i samfunnet vårt som påverkar livsstilen vår, må nok til dersom vi skal kunne påverke ein så stor andel av befolkninga.
Kjelde: Norges Diabetesforbund
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.