Mest aktive brukere »

Eksperten.

Ekstremisme og utdanning

PÅVERKAR. - Skal ein ty til terrorisme må ein bryte ned ganske mange barrierer, og treng ei sterk rettferdiggjering av det ein gjer. Måten teoriar blir formidla og framstilt på kan gjere denne prosessen lettare, utan at dei som står for det teoretiske går god for det, seier Engene. Foto: IDA ANDERSEN

I sommar blei Noreg ramma av eit massivt terroråtak. Terrorekspert Jan Oskar Engene fortel om røtene til ekstremisme og terrorisme.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 24.08.11 kl. 00.53
Kva er det som fører til ekstremisme og terrorisme i eit samfunn?

Nokre peikar på økonomiske forhold og fattigdom, men eg trur det stort sett er uforeinlege oppfatningar om korleis staten og samfunnet skal organiserast som fører til terrorisme og ekstremisme. Ein har óg ulike ideologiar der ein vil ha alt eller ingenting, som fører til slike haldningar og handlingar. I tillegg er kontroll over territorium, og kva stat det skal høyre til noko som utløyser terrorisme.

Korleis kan ein kjempe mot dette?

Statsministeren har sagt ved meir demokrati. Eg er ikkje sikker på at det vil hjelpe med fleire demokratiske institusjonar. Det som derimot vil hjelpe er fleire demokratar. Ei demokratisk innstilling fører til pragmatisme, som tilseier at ein må ha gradvis endring av samfunnet og ta omsyn til alle som blir berørte av endringane. Dette er i motsetnad til ekstreme politiske haldningar der ein skal ha det på sitt vis, som kan legitimere at politiske grupperingar tyr til våpen. Å fremje demokratiske holdningar vil hjelpe dei som er i ei politisk gruppering eller miljø. Det er vanskelegare å kjempe mot at enkeltindivid utviklar tankar som legitimerer vald i sitt eige hovud.

Har utdanningsnivået i eit samfunn noko å seie for i kor stor grad ein finn ekstremistar og terroristar der?

Den typiske terroristen er ung, forholdsvis velutdanna og frå middelklassen. Det er ikkje noko enkelt svar på om å auke utdanningsnivået vil føre til at ein blir kvitt vald og terrorisme. Dette kjem óg an på regimet. Høgare utdanning er inga generell vaksine mot ekstremisme. Også innan høgare utdanning kan det førekomme radikalisering, og ein finn tilhengjarar av ekstreme ideologiar.

I Europa såg vi blant anna ei radikalisering i 1960- og 70-åra, også blant studentar. Parallelt med dette fekk ein terrorisme i periferien av radikale studentmiljø. Terroristane hadde same ideologiske inspirasjonskjelde som studentane. Korvidt ein får ekstreme haldningar og terrorisme kjem også an på den rådande politiske ideologien i samfunnet. Historia syner at utdanning ikkje verkar spesielt mot ekstremisme. UiB har som føremål å fremje den frie og kritiske tanken og universiteta har røtene sine i opplysningstida sine ideal, der ein dyrkar fornuft og menneskeverd. Ein kan håpe at desse ideala får større utbreiing enn dei har i dag.

«Fjordman» hadde tilknyting til Universitetet i Bergen (UiB). Er det noko universiteta kan gjere for å motverke ekstreme holdningar?

UiB sitt verdigrunnlag er verdiar som skil seg frå ekstremisme. For at ein kan seie at nokon støttar ekstremisme, må dei vere villige til å bruke vald for å nå målet sitt. Vi har eit fritt land med ytringsfridom, så det er vanskeleg å seie at slike haldningar burde vere forbode, så lenge ein ikkje støttar valdsbruk. Men vi burde ha kunnskapsbasert informasjon om slike spørsmål og haldningar, og dette er noko universiteta burde komme fram med. Dei bør møte konspirasjonsteoriar, mytar og vrangførestellingar om korleis ting heng saman, for dette er ting som ekstreme grupperingar og personar nyttar seg av.

Er det visse typar studium eller tekstar ein lettare kan dra ekstreme tankar ut i frå enn andre?

Politiske tankeretningar som har med nasjonalisme å gjere, idéen om at kvart folk skal ha ein eigen stat, er i sine mest kompromisslause former hovudbidragsytar til vald og terrorisme, særleg i Europa. I tillegg er også revolusjonære tankeretningar, som seier at ein må erstatte det eksisterande samfunnet og at det skal skje med vald, eit legitimeringsgrunnlag for terrorisme.

JAN OSKAR ENGENE
  • Førsteamanuensis i europeisk politikk ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen (UiB).
  • Har blant anna forska på terrorisme og tiltak mot terror, språk og politikk i debatten om europeisk integrasjon og politiske og nasjonale symbol.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.