Mest aktive brukere »

Eksperten.

Kvinner heng etter i akademia

MANNSDOMINERT AKADEMIA. Professor og fagleg leiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning, Ellen Mortensen, meiner fagkulturen i akademia i for stor grad blir definert av menn. Foto: HANNE KRISTIN LIE

Kvinnelege studentar presterer betre enn mannlege, men har framleis lågare fagleg sjølvtillit. Ifølge professor og kjønnsforskar Ellen Mortensen må vi vente lenge på ei akademisk kvinnebølgje.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN
Sist oppdatert: 29.03.11 kl. 21.44
Kvifor har kvinnelege studentar lågare fagleg sjølvtillit enn mannlege?

Universiteta har vore sterkt mannsdominerte og er det framleis. Vi har ei overvekt av kvinner i studentmassa, også på doktorgradsnivå, men jo høgare opp i systemet ein kjem, jo færre vert det. Det har ein slags pyramidestruktur. Det betyr også at det er menn som sit i dei mest prestisjetunge stillingane anten det er i leiarskapet eller professorstillingar. Uansett om du er kvinneleg student eller tilsett, er den akademiske kulturen maskulin. Det gjer noko med perspektiva til den kvinnelege studenten.

Sjølv om kvinnelege studentar har lågare fagleg sjølvtillit oppnår dei likevel betre resultat enn mannlege . Er det slik at kvinner stiller høgare krav til seg sjølv?

Ja, det trur eg. Gutar blir oppdregne til å vere meir pågåande, meir synlege og meir aktive, også på universitetet – og det ser vi at dei er. Eg trur at ofte har mannlege studentar høgare sjølvtillit enn dei har grunnlag for å ha. Dei uttalar seg gjerne om ting før dei har grunnlag for å gjere det, medan jenter gjerne ventar altfor lenge. Jenter vil vere 150 prosent sikre før dei seier noko. Dette ser vi til dømes også når kvinner på universitetet vil søke om opprykk til professor så gjer dei det gjerne ikkje før dei er 150 prosent sikre på å få det medan menn gjerne gjer det lenge før.

Vil du seie at akademia er grunnleggjande betre tilrettelagt for kvinnelege studentar?

For akademia stemmer ikkje dette, for her er det framleis menn som rår. Å då seie at det er betre tilrettelagt for kvinner er rett og slett feil. Eg trur det at kvinnelege studentar gjer det betre, har å gjere med at jenter blir oppdregne til meir ansvarlegheit. Dette er ein positiv effekt av dét. Ein meir negativ effekt er at kvinnelege studentar har eit lågare fagleg sjølvbilete enn mannlege studentar.

Når fleire kvinner tek høgare utdanning og dei attpåtil presterer betre enn dei mannlege , burde ikkje dette snart gi utslag i fleire kvinner i høge akademiske stillingar?

Jo, men om ein held fram i dette tempoet vil det ta 200 år å få kjønnsbalanse med moderat kjønnskvotering. Vi har modellar for å rekne på dette. Universiteta er nokre av dei meir forandringsresistente institusjonane vi har. Dette er også ein familierekneskap. Kvinner er generelt i overvekt blant stipendiatane på universitetet, men den alderen kvinner er i når dei blir stipendiatar er også den alderen der dei får born. Dei årsverka som går med til omsorg i heimen er det framleis kvinner som tek i større grad enn menn. Dette gir eit konkurransefortrinn for ein mannleg stipendiat som ikkje deltek i omsorgen i samme grad. Han kan dermed raskare kvalifisere seg for ei fast stilling.

ELLEN MORTENSEN
  • Fagleg leiar ved det tverrfaglege Senter for Kvinne- og kjønnsforsking og professor i litteraturvitskap.
  • Forskar på kjønnsteori, litteratur og filosofi, moderne poesi og den feministiske teoretikeren Luce Irigaray.
  • Mortensen presiserer at ho her ikkje uttalar seg på bakgrunn av eiga forsking, men berre ut ifrå hennar eigen refleksjon om emnet.
SHoT-undersøkinga
  • Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT) er gjennomført av TNS Gallup for studentsamskipnadane i Bergen, Oslo og Trondheim.
  • Undersøkinga syner mellom anna at kvinnelege studentar har lågare fagleg meistringskjensle. Samtidig er kvinnene i fleirtal i studentmassa og dei oppnår jamnt betre resultat enn mannlege studentar.
Eksperten

Studvest har lansert en ny spalte, «Eksperten». I denne spalten vil vi snakke med eksperter ved utdanningsinstitusjonene i Bergen om aktuelle temaer. Hensikten er å gi et innblikk i noe av ekspertisen som finnes i studiebyen Bergen

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.