Mest aktive brukere »

Eksperten.

Nytt fokus på mobbing

SKJULT. Stig Berge Matthiesen, professor i samfunnspsykologi, har forska på mobbing i over 20 år. – I den grad mobbing har endra seg, har den blitt meir skjult, hevdar han. Foto: LINN HELMICH PEDERSEN

Med BT-kommentaren om lærar Bjørndal kom mobbing igjen på alles lepper. Psykologiprofessor Stig Berge Matthiesen forklarar fenomenet.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 29.03.11 kl. 21.30
Kva er mobbing?

Det er når nokon systematisk vert utsett for negative handlingar dei opplever som audmjukande over eit visst tidsspenn. Det er vanleg å skilja mellom mobbing og trakassering, som er ei enkel, grov handling. Mobbing vil vera det verste, då det er meir langvarig, og utgjer eit større trugsmål mot psykisk helse.

Alle er imot mobbing. Så kvifor skjer det likevel?

Det kan vera mange ulike årsaker til mobbing. Konflikter kan koma ut av kontroll, der dei er heilt uforsonlege. Ingrediensane i konflikta er då svært alvorlege, og ho lever sitt eige liv. Eit døme på ei arbeidskonflikt som vaks seg uforsonleg er saka om Gerd Liv Valla og Ingunn Yssen frå nokre år tilbake.

Men mobbing kan også skje fordi nokon ønskjer å bli kvitt ein person og ser det som eit middel, eller det kan vera eit resultat av dårleg kommunikasjon og eit dårleg arbeidsmiljø.

Kven er mobbarar, og kven er mobbeoffer?

Mobbarar utgjer eit stort spekter av menneske, både menn, kvinner, unge og gamle. Forsking me har gjort viser at statistisk sett er det størst sjanse for at den som mobbar er ein leiar. For å seia det slik: Den som vil mobba deg er din næraste leiar eller kollegaer. Ein må ha eit avhengigheitsforhold til den som mobbar. Det må vera ein etablert relasjon mellom menneske, før det kan skjera seg.

Den som vert mobba kan berre vera ein som er tilgjengeleg, eller står lageleg til for hogg. Det treng ikkje vera nokon som er svake. Yssen verkar til dømes som ei robust dame, men kjente seg likevel mobba.

Kommentaren om lærar Bjørndals metode mot mobbing fekk stor merksemd i BT. Kva tenkjer du om det han gjorde?

Når det gjeld mobbing på barnefeltet, er ein svært oppteken av passive tilskodarar. For om ein er det, er ein ein del av den sosiale konteksten, og med på å auka presset. Det han gjorde var å ansvarleggjera desse ressurssterke tilskodarane.

Eg trur det er viktig å auka kunnskap om mobbing, og å auka graden av empati for dei som vert mobba. Mange tenkjer ikkje over mobbinga, fordi enkeltepisodane ikkje er alvorlege. Leiinga, anten på arbeidsplassar eller på skular, bør senda ut styringssignal om at mobbing ikkje er akseptabelt, og det er jo også noko av det viktigaste Bjørndal gjorde.

Korleis har mobbing utvikla seg?

Om det har endra seg, vil eg tru det er meir skjult no. Arbeidstakarar er meir medvitne om rettane sine. Mobbing i dag vil difor gjerne ha meir preg av å vera verbal og indirekte. Me gjorde dei første studiane våre av mobbing for 20 år sidan. No driv me på med ei ny stor undersøking, og det visar seg at mobbing førekjem sjeldnare enn før.

Føregår det mobbing også på høgskular og universitet?

Undersøkingar viser at tre til fire prosent av arbeidsstokken til ei kvar tid føler seg mobba. Så det er ingen grunn til å tru at universitetet skil seg frå dette. Når det gjeld studentar, kan dei bli mobba av både lærarar og medstudentar. Eg gjettar at i den grad det finn stad at lærarar mobbar studentar er det i mindre grad enn før. Maktdistansen i samfunnet har endra seg, slik at lærarar har mindre makt no enn tidlegare.

STIG BERGE MATTHIESEN
  • Professor ved Institutt for samfunnspsykologi ved UiB.
  • Har skrive doktoravhandling om mobbing og harde personkonfliktar i arbeidslivet.
  • Er ein del av forskingsgruppa for arbeidsmiljø, leiing og konflikt (FALK).
Eksperten

Studvest har lansert en ny spalte, «Eksperten». I denne spalten vil vi snakke med eksperter ved utdanningsinstitusjonene i Bergen om aktuelle temaer. Hensikten er å gi et innblikk i noe av ekspertisen som finnes i studiebyen Bergen.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.