Snøskred er ein stor masse med snø som sklir ut på ein gong, som følgje av vind, kraftig snøfall og temperaturauke. Det finst tre hovudtypar. Flakskred er store flak som sklir ut og nedover skråninga som følgje av eit laust lag snø under overflata, som oftast utløyst av folk på ski. Den andre typen er laussnøskred, der ei sky av snø beveger seg nedover skråninga i voldsom fart. Tredje type er sørpeskred, som er ei blanding av tung snø og regnvatn. Det treng ikkje ein gong vere bratt, men det er skummelt for dei i dalane, for det kjem veldig fort.
Laussnøskred er farlegast. Snøskya har ein fart på 150 kilometer i timen, og då seier det seg sjølv at ein ikkje har noko å stille opp med. Den som blir teken frys ofte i hel, men det er ein behageleg måte å døy på. Flakskred tek derimot flest liv. Kvar blokk veg 300 til 500 kilo, så anten blir offeret klemt i hel eller blør i hel som følgje av avrivne kroppsdelar. Det gjeld å halde seg på overflata og grave seg eit lufthol.
Vestlandet, på grunn av bratte dalsider og skråningar brattare enn 25 gradar. Hardanger er vel staden nærast Bergen som er i faresona. Er det i tillegg mykje laussnø utan vegetasjon, må ein vere påpasseleg. Dei gøyaste skibakkane er ofte dei mest rasfarlege.
Nei, men det er for det meste skituristar som blir råka av ras. Derfor må dei som skal drive med sporten ha kunnskap. Har dei ikkje det, må dei først forhøyre seg med lokalbefolkinga, så må dei ha med seg spade for å forsikre seg om at underlaget ikkje er porøst og laust. Kjenner du at snøen gir etter under spada, må du snu med ein gong. I tillegg må ein sjølvsagt alltid ha med kompass for å sjekke hellinga i bakken, og vere merksam på veret.
Ja. Det var veldig kaldt før jul, slik at det danna seg krystallar oppå snøen. Når mildveret då kjem, slik det gjorde på nyåret, glir dei ulike snølaga lett ut.
Det blir sannsynlegvis meir av alle typar skred. Milde og nedbørsrike vintrar kan utløyse ras på stader som i utgangspunktet ikkje har vore truga før.
Kor utsett er Bergen?
Vi får nok ikkje snøskred i Bergen, men vi fryktar at snøen frå Ulriken kan utvide seg når det regnar, slik at steinar blir sprengde ut frå fjellet. Husa i dalen er derfor utsette, og slike skred kan skje når som helst.
Studvest har lansert en ny spalte, «Eksperten». I denne spalten vil vi snakke med eksperter ved utdanningsinstitusjonene i Bergen om aktuelle temaer. Hensikten er å gi et innblikk i noe av ekspertisen som finnes i studiebyen Bergen.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.