Mest aktive brukere »

Ukens navn.

25 år med rock

Foto: IDA HELEN SKOGSTAD

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 09.11.11 kl. 01.19
Kva er Rock out?

– Rock out er ein konsertserie som starta for 25 år sidan her på Hulen. Det er ein konsertserie som har fokus på rock og metall av god kvalitet, og undersjangrar knytta til dette. Rock er eit vidt omgrep og me presenterer i løpet av konsertserien mange sidesprang til det ein kallar «rock». Både metall, folkrock, indie, jazz og grenselandet pop-rock står på plakaten.

Kvifor starta Rock out?

– Grunnen til at det starta for 25 år sidan var at det var dette året Grand Prix vart holdt i Grieghallen. Rock out vart ein motpol til dette, og poenget var at den skulle ha fokus på god rock. Dette vart viktig for dei som var lei alt hysteriet og Grand Prix-synthar.

Kor kjem namnet frå?

– Med ein gang det starta opp, var det ein gjest som prøvde å kome seg inn. Han snakka ikkje norsk, så vakten prøvde å forklare gjesten at han ikkje kom inn fordi han var for høg. Og det var då vakten forklarte han at «Rock out. Only full people inside». Dette blei på ein måte eit statement som vart tatt vidare og som seinare blei namnet på arrangementet.

Korleis vel de ut kven som får opptre?

– Me spikrar eit breidt program frå solide rockeband som Navigators, til nyare rockeuttrykk som Kristian Anttila, som er ein svensk popprins som balanserer mellom røff rock og fengande popmusikk. Ein frekk og yngre utgåve av Håkan Hellström! Det er viktig at me ser på kva som kan passe inn i profilen til Rock out.

Kvifor trur du Rock out har overlevd i 25 år?

– Eg trur ein av grunnane kan vere at rock er så breitt. Den kan eksperimenterast og tøyast opp og i mente, og kryssast med omtrent samtlege av andre sjangrar. Derfor dør den aldri. Hulen ønsker å understreke denne «forever young»-sjangeren ved å presentere Rock out. I dag er rock blanda med mykje rart og me presentere dei som også leikar seg på grensa.

Korleis vil du beskrive Rock out med tre ord?

– Eg trur det må bli tradisjonelt, spenstig og forlokkande. Eg tenker at den kan dra folk ut av lesesalen og ut for å ta ein pause. Det viktigaste i eksamenstida er jo pausar, og da er Rock out eit kjempebra alternativ.

DENNE VEKA SNAKKER VI MED: SOLGUNN SLÅTTO
  • Alder: 25
  • Utdanning: Bachelor i kunsthistorie
  • Aktuell med: Ansvarleg for Rock out som har 25-årsjubileum i år. Konsertserien er på Hulen frå 29. oktober til 25. november.
     

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.