Byter ut penn og papir for godt

dig.UiB_HJG_3

FORNØGD. Arabiskstudenten Tor Hallvard Nygard Johansen er vand med digital eksamen frå vidaregåande skule, og synst det er bra å få det same tilbodet på universitetet.

I vår skal 60 emner ved UiB ha digital skuleeksamen. Om berre to år skal dette gjelde alle på universitetet.

– Fordelane er at du får meir tid, det er enklare å disponere teksten, og du kan redigere etter kvart som du skriv, seier arabiskstudenten Tor Hallvard Nygard Johansen om digital eksamen.

I vår skal studentar ved 60 emner på UiB gjennomføre eksamen på datamaskin, og Nygard Johansen er éin av dei. Målet er at alle skuleeksamenar skal vere digitale i 2017.

Ikkje berre fagkunnskap

Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB, seier det langsiktige målet er å kunne bruke digitale vurderingsformer. Ho bruker legestudiet som eit døme på korleis teknologien kan brukast.

– Vi kan bruke video som studentane responderer på, til dømes ved å stille diagnose basert på samtale med pasient, seier Samdal.

Ho meiner det er viktig å teste fagkunnskap i nokre fag, medan det i andre kan vere viktigare å teste analytiske eigenskapar.

– Premissane for skuleeksamen er ingen tilgang på hjelpemiddel. I arbeidslivet vil ein som oftast ha tilgang på nettressursar. Det handlar om å ha kompetanse til å bruke dei, slår Samdal fast.

Kan stole på det tekniske

Studentar som får tilbod om digital eksamen skal i utgongspunktet stille med datamaskin sjølv. Systemkrava er OSX 10.9, Windows 7 eller nyare. Dersom studentane ikkje har nye nok maskinar sjølv skal dei få låne av universitetet.

– Skulle det oppstå tekniske utfordringar under eksamen, er backupmaskinar kjøpt inn. Studentane kan få tilgang til desse under eksamen, seier Samdal.

Ifølge Samdal blir eksamensoppgåvene lagra på ein servar, så det gjer ikkje noko å byte maskin midt under eksamen. Ho meiner studentane kan stole på det tekniske.

– Piloteksamenane har fungert veldig godt. Det har vore enkelte tekniske utfordringar, men dei har alltid løyst seg. Ingen har ikkje kunna fullføre eksamen på grunn av det tekniske, seier ho.

Studentar som ikkje kan ta eksamen på datamaskin skal få han tilrettelagt på penn og papir.

Jubel i forelesingssalen

Pernille Reitan Jensen sit i Studentparlamentet ved UiB for HF-lista. Ho synst det er bra med digital eksamen så lenge systemet fungerer.

– Nokre av dei digitale eksamenane som har blitt gjennomført har ikkje vore optimale, det må vi ordne opp i. Men det er bra å få tilbodet.

Ho meiner vi treng meir enn berre digital eksamen, men at han hjelper eit stykke på veg ved å opne for andre vurderingsformer.

– Digital eksamen er berre ein del av ein digitaliseringsprosess. Vi treng mellom anna meir forsking på kva undervisings- og vurderingsformer som fungerer, seier Jensen.

Tor Hallvard Nygard Johansen har ikkje tenkt å ta den med penn og papir. Han har inntrykk av at dei fleste studentar er positive til digitaliseringa.

– Då førelesaren tok opp at vi skulle ha digital eksamen var det berre éin som spurte om penn og papir, resten av studentane jubla.