Dette bør du sjå på BIFF

BIFF 2015_HG_01

FOTO: Hanne D. Geving

Usikker på kva du bør få med deg på årets filmfestival? Vi hjelper deg å velje.

Onsdag 23. september var det igjen duka for ei veke med film på Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF). I år, som tidlegare, vert filmane først og fremst vist på Magnus Barfot, men USF Verftet og Sotra Kino har òg visningar i løpet av veka.

Ingen festivalar i Noreg viser fleire filmar enn BIFF. Med rundt 170 filmar på årets program, er det lett å gå seg vill i utvalet. Her er det stor breidde i både dokumentar- og spelefilmar, og i tillegg vert det arrangert debattar og seminar i samband med nokre av filmane som vert vist.

Studvest har snakka med festivalleiar og programsjef for BIFF, Tor Fosse, om kva filmar han anbefaler spesielt på festivalen, og han har kome opp med ei liste over filmar som han tykkjer folk må få med seg. I tillegg har Asbjørn Grønstad, professor ved UiBs institutt for informasjons- og medievitskap, kome med sine anbefalingar.

Asbjørn Grønstad, professor ved institutt for informasjons- og medievitenskap:

«Arabian Nights»
– Det er særleg ein film som skil seg ut i år, nemleg portugisaren Miguel Gomes sitt ambisiøse storverk «Arabian Nights». Dette er eigentleg tre filmar, med ei samla speletid på over seks timar, som tar for seg det portugisiske samfunnet etter finanskrisa. Det er langt mellom dei filmane som genuint fornyar mediets formspråk – denne har eg tru på kan vere ein av dei.

«Søstre»
– Ein av mine beste BIFF-opplevingar på dei femten åra eg har vore på festivalen var japanaren Hirokazu Koreeda sin eminente Still Walking, som vart vist i 2009, eit vemodig men uvanleg innsiktsfullt familiedrama om vaksne og for lengst utflytta born på besøk hos aldrande foreldre. Koreeda, som i mellomtida har laga fleire kritikarrosa filmar som Som Far, Så Sønn (2013), er i år tilbake på BIFF med den tsjekhovaktig tituerte «Søstre», om tre systrer sitt møte med ei halvsyster dei aldri før har møtt. Still Walking er ein film som gjennom mimikk, gestar og blikk fangar kompleksiteten i mellommenneskelege relasjonar på ein måte som berre filmmediet kan, og vi får håpe Søstre gir oss meir av det samme.

«Dheepan»
– Ein film vi ikkje kjem utanom i dette programmet er franske Jacques Audiard sin «Dheepan», årets gullpalmevinnar i Cannes. Dette er ein høgaktuell film om ein srilankisk tamiltiger som kjem til Paris som illegal immigrant. Eg ser fram til turbulent realisme og eit hyper-kinetisk formspråk frå ein regissør som har hatt ei stadig stigande formkurve etter filmar som Profeten (2009) og Rust og Bein (2012).

«Eisenstein in Guanajuato»
– For ein del år sidan var eg på ein konferanse i Rotterdam, der eg hamna i heisen med Peter Greenaway. Vi var begge seint ute til kveldens keynote, noko som må ha stressa han meir enn meg, sidan det var han som skulle halde den. Eg hugsar ikkje heilt kva vi prata om, men det første han sa då han kom på scena var, «We haven’t seen any cinema yet; all we have are hundred years of illustrated text» (ein påstand han har nemnt i andre samanhengar og). Greenaway er ein filmskapar som gjennom heile karrieren har forsøkt å lage filmar som er meir enn berre «illustrert tekst», og når han no er klar med ein film om den uhyre sentrale filmkunstnaren og teoretikaren Sergei Eisenstein, ligg det meste til rette for ei unik filmoppleving.

«Taxi Teheran»
– Den regimekritiske iranske regissøren Jafar Panahi fekk som kjent forbod mot å lage film i 20 år, utan at dette ser ut til å ha stoppa han nemneverdig. Som dei forrige to filmane hans, er også denne spelt inn i skjul og smugla ut av landet. Panahi gestaltar sjølv taxisjåføren som køyrer rundt i hovudstaden og har samtalar med ei rekkje ulike karakterar, alle spela av amatørar.

Tor Fosse, festivalleiar for BIFF:

(Spelefilmar)

«The Assasin»
– Kampsport.

«Chausuke’s Journey»
– Japansk surrealisme, men meir kommersiell enn han ser ut til.

«Dheepan»
– Gullpalmen frå Cannes.

«Eisenstein in Guanajuato»
– Mannesex i Mexico.

«Den franske forbindelsen»
– Fransk action.

«Love and Mercy»
– Historia om Beach Boys.

«The Overnight»
– Klar publikumsvinnar.

«Sicario»
– CIA-action.

«Sleeping with Other People»
– Nok ein publikumsvinnar.

«Slow West»
– Ein annleis western.

«The Walk»
– Man on Wire som spelefilm.

 

(Dokumentarar)

«Best of Enemies»
– Debatt som komedie?

«Bounce»
– Moro med ball.

«Cartel Land»
– Actionfylt krig mellom narkokartell og sivile.

«Crocodile Gennadiy»
– Ein prest som er bigger-than-life

«Human»
– Fantastisk fyrverkeri av ein film.

«Im Keller»
– Kva driv dei med i kjellarane sine?

«Iraqi Odyssey»
– Utruleg lærerikt om irakisk historie.

«Kurt Cobain»
– Ja, Kurt Cobain.

«Palio»
– Fantastisk film om hestar og menn.

«Racing Extinction»
– Actionfylt miljøfilm.

«Take Me to the River»
– Blues og soul i USA.

«The Wolfpack»
– Årets mest omtalte dokumentar.