Digitalt hovudbry

Digimon eksamen_HB_03

MISNØGD. Psykologistudenten Line Damli har tru på at digital eksamen er framtida, men er skuffa over den tekniske gjennomføringa. FOTO: HÅKON BENJAMINSEN

Mange studentar takkar nei til tilbodet om digital eksamen, og heller ikkje alle som gjennomfører synst systemet går knirkefritt.

– Eg vil heller stå på hovudet i ti minutt medan eg har munnleg eksamen enn å ta ein slik digital eksamen igjen, seier Line Damli.

Ho er student på profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Bergen (UiB), og har nyleg gjennomført sin første elektroniske eksamen. Damli er ikkje nøgd med korleis den tekniske delen fungerte, og meiner det tok for lang tid frå ho skreiv noko på tastaturet til det dukka opp på skjermen, sjølv om datamaskinen hennar var ny. Denne treigheita i systemet skapte stor frustrasjon for studenten.

– Eg måtte konsentrere meg veldig om sjølve skrivinga, og mista nok rundt ein time effektiv skrivetid, fortel Damli.

Digital samfunnstrend

I fjor gjennomførte 583 studentar digital eksamen ved UiB. Dette tilsvarar i underkant av 65 prosent av dei som både hadde tilbod om digital eksamen, og som møtte opp. Jin Sigve Mæland sit i Studentparlamentet på UiB for HF-listen, og meiner at digitalisering er viktig fordi det er ein samfunnstrend UiB må følge.

– Studentane som begynner på universitet no har brukt datamaskin som læringsverktøy over ein lengre periode og gjort seg vane med datamaskin som arbeidsverktøy. Då begynner ein på mange måtar på nytt igjen når ein må sitte med penn og papir på universitetet, seier Mæland.

Mæland vil ikkje spekulere i kvifor så mange valde å takke nei til tilbodet om eksamen på datamaskin, men trur generelt at mange studentar ønsker å ta eksamen digitalt.

Digimon eksamen_HB_02

YOGA. UiB-studenten og yogalæraren Line Damli trivst mykje betre opp ned enn på digital eksamen, i alle fall slik den fungerte før jul i fjor. FOTO: HÅKON BENJAMINSEN

– Svært beklageleg

– Nokon vil reservere seg mot å vere prøvekaniner på eksamen, seier Oddrun Samdal, viserektor og leiar for DigUib, eit program på UiB som ønsker å betre utdanningskvalitet gjennom digital læring. 

Det at så mange takka nei til å bruke systemet WISEflow, som gjer det mogeleg for studentane som ønsker det å bruke si eiga datamaskin, meiner ho beviser at informasjon i forkant er viktig.

– Vi fekk nokre få tilbakemeldingar undervegs på dette problemet, også frå ein brukar med ganske ny maskin, fortel Samdal om studenten Damli sitt problem. Samdal synst det er svært beklageleg at nokre studentar hadde problem med gjennomføringa av eksamen. Ho trur utfordringa i hovudssak er knytt til brukarane sine eigne maskinar.

Digital framtid

Samdal har inntrykk av at digital eksamen var ei positiv oppleving for dei fleste som gjennomførte i fjor. I tida framover har UiB planar om å utvide kapasiteten for digital eksamen.

– No kan vi informere studentane betre, og vi har gode erfaringar. Studentane kan vere trygge på at kvar bokstav dei skriv blir lagra, seier Samdal, som håpar at fleire vil ta imot tilbodet i framtida.

Psykologitudenten Line Damli var ikkje nøgd etter hennar første digitale eksamensoppleving, men sit heller ikkje att med berre negative erfaringar.

– Vi fekk god hjelp med pålogging i starten av eksamen, seier Damli, og understrekar at ho ikkje er imot digital eksamen i seg sjølv, men håpar den tekniske biten snart blir betre.

– Det er digital eksamen som er framtida, seier Damli, men håpar ho ikkje opplever same type trøbbel då ho nok ein gong skal avlegge digital eksamen i juni.