– Diskriminering er feil uansett kva formålet er

PsykFak_TSA_01

PRESTISJETUNGT. I dag er 77 prosent av studentane kvinner på psykologistudiet, ein trend som har vore stabil i mange år. Det vil universitetet gjere noko med. FOTO: THEA STEPHANSEN

UiB ber om gutekvotering på psykologistudiet. Det får styremedlem i Bergen Unge Høgre til å sjå raudt.

– Dette vil utestenge flinke jenter, seier Håkon Block Vagle, styremedlem i Bergen Unge Høgre, om at Universitetet i Bergen (UiB) har bedt Kunnskapsdepartementet om lov til å kvotere inn 30 prosent menn blant psykologistudentane.

Haakon Block Vagle_Hans Sebastian Haram

KRITISK. – Kjønnskvotering er og blir diskriminering, og må alltid vere siste utveg når ein har prøvd alt anna først, seier Håkon Block Vagle i Bergen Unge Høgre. ARKIVFOTO: PRIVAT/HANS SEBASTIAN HARAM

– Kvotering er eit dårleg tiltak. For det første er det urettferdig for dei jentene som har jobba knallhardt for gode karakterar, for deretter å få draumen knust fordi dei har feil kjønn. Dette er definisjonen på diskriminering, og er feil uansett kva formålet er. For det andre er dette ei altfor lettvint ordning, som ikkje løyser det eigentlege problemet, seier Block Vagle.

Skeiv kjønnsbalanse

Hausten 2016 er første gong ein søker direkte opptak til det seksårige profesjonsstudiumet i psykologi gjennom Samordna opptak. 1280 søkarar kjempar om dei 87 studieplassane, og instituttet er sjølv veldig spente på kjønnsbalansen. I dag er 77 prosent av studentane kvinner på studiet, ein trend som har vore stabil i mange år.

– Universitetet i Oslo har bedt om den same kvoteringsløysinga som oss. Det er viktig at Norge utdannar psykologar med ulik bakgrunn, seier Dekan Jarle Eid på Det psykologiske fakultet (Psyk.fak) til På Høyden.

Viktig med mannlige terapeutar

Før jul vedtok Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB) ein resolusjon for ei meir kjønnsbalansert studentrekruttering. Tala viser nemleg at over 60 prosent av studentmassen er kvinner, og i profesjonsutdanningar som medisin, odontologi og psykologi er det under 30 prosent menn. Handlingsplanen til universitetet etterlyser ein kjønnsbalanse på 40-60, noko psykologistudiet ikkje er i nærleiken av.

– At UiB ber om kvotering er kjempeviktig. Kanskje spesielt viktig innan psykologi-utdanningar som utdannar psykologar. Desse skal på sikt tilby ei teneste ingen andre kan tilby, og at denne tenesta er kjønnsbalansert kan vere avgjerande for tilbodet. Å kunne velje kva kjønn terapeuten din har, når ein er i sårbare situasjonar, kan vere utruleg viktig, seier Johanne Vaagland, leiar og likestillingansvarleg i SP-UiB.

– I tillegg til dette viser undersøkingar at eit meir kjønnsbalansert studie gir betre studiemiljø, så kjønnskvotering har fleire positive sider, seier Vaagland.

Eit større samfunnsproblem
valg_KK_08

STØTTER FORSLAGET. – Å kunne velje kva kjønn terapeuten din har, når ein er i sårbare situasjonar, kan vere utruleg viktig, seier Johanne Vaagland, leiar og likestillingansvarleg i SP-UiB. ARKIVFOTO: KJERSTI KRÆMMER

NTNU er ein av fleire skular som, med god erfaring, har nytta kvotering for å jamne ut kjønnsbalansen i fleire av sine studium. Endringane førte til at fleire kvinner søkte seg til mannsdominerte studiar, og at andelen kvinner i arbeidslivet økte. Block Vagle meiner likevel det er for tidleg for UiB å be om gutekvotering.

– UiB burde sett på alternative løysingar før kjønnskvotering. At gutar har lågare karakterar enn jenter, er ein del av eit større samfunnsproblem. Ei kvoteløysing skyv berre problemet under teppet, og gutar vil framleis vere taparane i skulen. Om alle skulle gjort slik som UiB, blir ein aldri kvitt trenden der ein manglar gutar i dei klassiske «prestisjestudiane», seier ungdomspolitikaren, og peikar på at her må det gjerast tiltak mykje tidlegare om ein skal få gutar opp på det same karakternivået som jentene.

Dette er leiar og likestillingansvarleg i SP enig i:

– Eg er heilt einig med Block Vagle om at dette ikkje løyser problemet med at gutar har lågare karakterar enn jenter. For å løyse dette på lang sikt, må ein inn og sjå kva ein kan gjere annleis gjennom heile utdanningsløpet, frå barneskule til vidaregåande. Men å innføre gutekvote på psykologi er det UiB kan bidra med i første runde, seier Vaagland.

– Å få gutar opp på karakternivået til jenter vil ta tid. Er ikkje UiB si kvoteløysing eit greit tiltak for å effektivt jamne ut kjønnsbalansen? 

– Kjønnskvotering er og blir diskriminering, og må alltid vere siste utveg når ein har prøvd alt anna først. UiB burde ha større fokus på rekruttering, og bli endå flinkare å invitere dei flinke gutane til å søke. Ei anna løysing er å utvide talet på studieplassar, slik at ein óg får inn dei gutane som er litt dårlegare enn jentene, utan å ta frå dei ein hardtarbeida og fortent plass, seier Block Vagle.