Død ved fusjon

påskelik_SB

ILLUSTRASJON: SESILIE BJØRDAL

Årets påskekrim er av den brutale sorten, klarar du å oppklare mysteriet før professor Kiste?

Kveldsroa hadde senka seg over Studentsenteret. Berre Tjommi Overleppedun var aleine att i tussmørket. Han plukka med seg dei siste papirkoppane og tok kaffikanna under armen. Det hadde vore ein merkeleg dag; han hadde fått den tvilsame æra av å vere flue på veggen då kunnskapsminister Torbjørn Dø Vissvassen kom for å møte vestlandsrektorane og gi nådestøyten i saka om høgskulefusjonane. Mot at han stod for kaffi og safarikjeks, sjølvsagt.

Vissvassen hadde insistert på fullt diktatorskap og fleire gangar hosta «brødhue» og «pingletryne» under rektorane sine innlegg. Tjommi hadde angra på at han i det heile hadde kome på dette møtet og prøvd å gå. Men UiB sin rektor, Dag Fjonet Fjolsen, hadde bora fingerneglene inn i armen hans, og kvest at om Tjommi gjekk, ville Fjolsen fusjonere trynet på Vissvassen. Benkeradene i Egget osa av aggresjon.

Rektor for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Tante Påse Løkhue, hadde òg tatt turen. Ho hadde vore intenst blid gjennom det heile, og Tjommi mistenkte at dama var på randen av samanbrot. Med kvinande stemme hadde ho slått av spøkar som «Bergensarar er eigentleg sogningar, som ikkje kom seg tilbake på båten på søndagen», etterfølgt av ein hakkande latter. Ho vridde konstant dei klamme hendene sine medan ho nervøst blunka mot Vissvassen som stirra tilbake med rynka panne, og mima «fusjon for faen» til ho når han trudde ingen såg på.

Rektor ved Høgskulen i Bergen, Bole-Gunnar Søvnig, hadde marsjert inn i rommet rett forbi ledige benkerader, og sett seg tett inntil Dag Fjonet Fjolsen. Han hadde stirra stygt på Tjommi, før han la handa på nakken til Fjolsen og påpeika at han var så stiv, og han gjerne kunne be fysioterapistudentane sine kna han litt. Eventuelt kunne han gjere det sjølv, sa han med senka stemme og utan glimt i auge. Tjommi hadde diskré hoppa fire seter lenger bort; han visste alt om Bole-Gunnar sine planar om å få UiB i seng med HiB.

Heile møtet tok av då rektor på Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Grell Tingeling, illustrerte sitt standpunkt til fusjon gjennom eit lett forstyrrande performance art-stykke der dei andre rektorane vart kalla inn på teppet som statistar der dei skulle bytte på å omfamne og avvise kvarande. Tjommi grøssa då han tenkte tilbake på det.

påsketommy_SB

ILLUSTRASJON: SESILIE BJØRDAL

Han sette frå seg kaffikanna i kantina, pakka jakka tettare om seg og rusla ut i bergenskvelden den vante vegen forbi Muséplassen. Alt låg mørkt og einsamt, men i det  månen kikka fram mellom dei regntunge skyene kunne han sjå ein skikkelse drapert over steinløva på pidestallen framfor museet. Usikker gjekk han nærmare.

Skikkelsen låg heilt stille, og Tjommi prøvde seg på eit forsiktig «Hallo?». Han kremta før han heldt fram. «Det er parlamentsleiar skråstrek president ved Studentparlamentet UiB, SP-UiB, Tjommi Overleppedun». Gud, han elska å utbrodere sin eigen tittel. Den joviale dialekten ga gjengklang mellom bygningane på Muséplassen. Prøvande tok han eit par steg til. Med eit kvin innsåg han at det var minister Torbjørn Dø Vissvassen som låg som ein skinnfell over løva. Noko var frykteleg galt.

Der peikefingeren skulle vore hadde nokon sydd på stortåa. Men verst av alt var buken til ministeren, den var spretta opp og eit kaos av rosa innvolar lyste mot han. Tjommi hadde aldri hatt anatomi på sin samfunnsfaglege timeplan, men sjølv han forstod at noko var frykteleg galt med plasseringa til organa. Himmelen opna seg og han kjende kalde dropar av regn mot fjeset. Han prøvde å rygge unna det forferdelege synet, men trefte noko med hælen og gjekk over ende. Frå bakken kunne han sjå eit menneske sprinte avgarde.

Professor Eystein Kiste hadde vore seint på kontoret, fordjupa i førebuingar til neste dags forelesing. Han humra over sin egen vits om valsystemet i Belgia, og tenkte endelig å ta innersvingen på den ufordragelige, joviale og såkalla «folkelige» Flink Flåsebrått.

Kiste svinga rundt hjørnet mot Muséplassen, for å omtrent bli sprungen ned av ein hysterisk Tjommi Overleppedun. «Vissvassen er drepen!» ropa han medan han brøyta seg veg gjennom ei gruppe studentar som kom ut frå korøving. Sjokkerte studentar såg Tjommi snuble i sikksakk nedover mot Nygårdsgaten.

Leiaren for Blanda allsangskor (Blak), Erik Sjon, kom bort til Kiste for å høre kva som var hendt. Kiste svara ikkje, men stakk heller ein viktig finger i lufta for å sikre ein kunstpause før han skritta mot steinløva. Han kikka ned på liket av Vissvassen.

«Det var det eg tenkte», sa han, og glana alvorlig på de skrekkslagne studentane. Han tok nokre steg fram mot ein ung raudhåra skjønnheit, la armen rundt ho og sa «Han er død ved fusjon. Om du ser der, så har nokon kopla saman organa hans utan nokon synlig funksjon. Der ser du at blindtarmen heng saman med nyra». Han peika ned på kroppen til Vissvassen. Han var fornøgd med sin eigen evne til å gjere dette om til ein undervisningssituasjon.

«Og, eg veit kven som har fusjonert denne mannen!» Kiste ser utover gruppa av tilhøyrarar, og kjenner det kriblar i torsoen. Han gler seg til å vere helten i ein påskekrim i Studvest nok ein gong. Plutselig høyrast ein skingrande røst bakfrå, «Det var eg som fusjonerte Vissvassen».

Rektor for Kunst- og designhøgskolen i Bergen tek nokre steg mot den døde kroppen til Vissvassen. «Kunst er også et fag», ropar ho. «Kunst er viktig for samfunnet», nærmast kviskrar ho medan ho sige saman på kne framfor liket. «Kunst er å leve», seier ho nesten utan lyd, medan Kiste og koristane sakte trekker seg tilbake, og let Tingeling ha sitt samanbrot i fred.

Eystein Kiste hadde skulle tippa at det var Dag Fjonet Fjolsen som var mordaren, så han var glad han ikkje hadde driti seg ut framfor alle. Han let armen gli rundt ein brystfager korist medan han sa «Kvifor kan ikkje eg pule, når Pave Johannes Paul?»