Ein dag for protest

International Students' Day, Kvarteret, skolepenger, FOTO: SVEIN RASMUSSEN

FORSTÅING. Tord Hustveit i Unge Venstre talte om utveksling som ein måte å fremje forståing mellom menneske. FOTO: SVEIN RASMUSSEN

Det er International Students' Day, og på Kvarteret blir markeringa brukt til å protestere mot regjeringa sitt forslag om skulepengar til internasjonale studentar.

– UiB kjem ikkje til å ta skulepengar neste semester, uansett kva regjeringa bestemmer seg for, seier Oddrun Samdal frå talarstolen.

Samdal er viserektor ved Universitetet i Bergen (UiB), og er ein av talarane på markeringa av International Students’ Day på Kvarteret. UiB har tidegare uttrykt misnøye med regjeringa sitt forslag om å innføre skulepengar for studentar frå land utanfor EØS og Sveits, men i kveld var Samdal endå tydlegare på kor universitetet står i saka.

Global markering

International Students’ Day har vore ein global tradisjon heilt sidan 1941. I Norge blir den i år markert ekstra mykje på grunn av regjernga sitt forslag om å innføre skulepengar. Den siste tida har studentar protestert høglytt mot det nye forslaget over heile Norge, mellom anna i Sogndal, der studentar kledde seg nakne mot skulepengar.

I Bergen blir dagen arrangert av Studentparlamentet UiB. Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen, Studentparlamentet ved NLA Høgskolen og International Student Union of Bergen (ISU UiB). På Kvarteret dunstar Grøndahls av pizza, og rommet er fullt av internasjonale studentar. Talarar frå fleire politiske ungdomsparti, International Student Union (ISU), UiB og fleire andre talar for gratis utdanning for alle.

Høgre er positive
UIB TAR REGNINGEN: Oddrun Samdal. FOTO: SVEIN RASMUSSEN

UIB TAR REKNINGA. Oddrun Samdal vil ikkje ta imot skulepengar neste semester, uansett kva regjeringa bestemmer seg for. FOTO: SVEIN RASMUSSEN

Leiar i Høgre sin Studentforening i Bergen, Even Bakke Dimmen, meiner derimot at skulepengar for internasjonale studentar er eit godt forslag.

– Vi ønsker at internasjonale studentar skal søke seg til Bergen og Norge på grunn av den gode kvaliteten, ikkje fordi utdanninga er betalt av den norske stat, og i så måte av dei norske skattebetalarane, seier Dimmen.

Han trur det fortsatt vil komme mange internasjonale studentar til Norge, sjølv om forslaget skulle bli realitet.

– Kvotestudentar og andre studentar som kjem gjennom ulike nasjonale avtalar skal fortsatt ikkje betale studieavgift, seier Dimmen.

Han legg til at dette opnar ei mogelegheit for å utvide kvotane frå utviklingsland, slik at skule og utdanning kan verke enda betre som eit bistandstiltak.

Kraftig motstand

Presidenten i ISU ved UiB, Benjamin Batinge, har tidlegare fortalt til Studvest at han meiner å innføre skulepengar for internajsonale studentar er ein dårleg ide, også for Norge. Han argumenterer med at norske studentar kan lære mykje av dei internasjonale. Knut Hidle, førsteamanuensis på institutt for geografi, er einig i at forslaget ikkje er godt.

– Vi fryktar at det kan føre til at rekruttering av studentar blir dårlegare. Internasjonale studentar betyr mykje for både miljøet på universitetet og på dei ulike studia, seier Hidle.

Hidle meiner at ein konsekvens av skulepengar kan vere at antalet internasjonale studentar kan gå ned, og at universitetet på den måten kan komme til å gå glipp av mange gode kandidatar frå utlandet.

Framleis gratisprinsipp

Sjølv om Høgre sine studentar i Bergen ønsker å innføre skulepengar for nokre av dei internasjonale studentane, legg Even Bakke Dimmen til at dei ikkje ønsker å kreve skulepengar frå norske studentar.

– Høgre og Høgre sine Studenter har vore krystallklare på at dette ikkje vil føre til at gratisprinsippet er trua, fastslår Dimmen. 

Les også: Slik gikk det da Sverige fikk skolepenger