– Ein ekstra motivasjon til å prioritere verv

EivindBrandt_HB_01

STUDENTPOLITIKAR. Eivind Brandt har både løna og uløna studentverv, samtidig som han er fulltidsstudent. Han ofrar gjerne fritida si for dette arbeidet. FOTO: HÅKON BENJAMINSEN.

Studentparlamentet ved UiB vil gjere det enklare for studentar å engasjere seg. Godtgjering for ein del studentverv kan bli innført til hausten.

– Eg ville aldri hatt tid til å ha desse verva viss det ikkje var for honorara, seier Eivind Brandt.

Psykologistudenten Brandt er over gjennomsnittet engasjert og har fleire studentverv, mellom anna i studentutvalet og fakultetsstyret til Det psykologiske fakultetet, i læringsmiljøutvalet, og i SiB-styret. Nokre av verva er løna, andre er det ikkje. Studentparlamentet ved UiB (SpUiB) har no foreslått å innføre godtgjersle for fleire studentverv, og rektoratet på UiB stiller seg positive til forslaget.

Bør behandlast likt

Magnus Brekke Nygaard er velferd, informasjons- og fakultetsansvarleg i SpUiB. For han er likebehandling av studentrepresentantar og andre representantar ein viktig grunn til at dei ønsker at studentane skal få godtgjersle.

– Det skal vere 20 prosent studentrepresentasjon i alle kollegiale organ, og desse skal vere med på å bestemme kva som skjer på UiB. Dei 80 andre prosenta får løn for å sitte der. Med tanke på likebehandling er det rimeleg at UiB innfører godtgjersle, meiner Nygaard.

Han meiner det er vanskeleg å kombinere studie, deltidsjobb og fleire studentverv.

– Vi ønsker høgre status for verva, og at fleire skal ønske å stille. Dette er ein måte å forsøke å auke rekrutteringa på.

Han trur også at saker vil kunne få betre handsaming viss studentrepresentantane har betre tid.

– Vi har mål om å innføre godtgjersle i alle sentrale utval rett før sommaren eller i neste  semester, seier  Nygaard.

– Løna arbeid grunn til nedprioritering

Oddrun Samdal, viserektor for utdanning  ved UiB, tenker at godtgjersle kan fungere bra for studentdemokratiet, slik at studentar får litt økonomisk kompensasjon for å engasjere seg.

– Eg trur dette er ein ekstra motivasjon til å prioritere verv, seier  Samdal, som trur dette kan bidra til breiare rekruttering til studentverva.

– Det er ei alternativ inntektskjelde, då lønna arbeid er grunnen til at mange prioriterer vekk verv, seier  ho.

Det er framleis ikkje bestemt kva verv det er snakk  om, eller kor mykje løn, men Samdal antar at godtgjersle for studentverv kan bli innført til hausten.

– Meir komfortabel økonomi

Eivind Brandt ser at det blir enklare å ta på seg verv når dei er honorerte, fordi økonomien blir mykje meir komfortabel.

– Eg ville aldri hatt tid til å ta desse verva viss det ikkje var for honorara. Det blir jo ei betydeleg inntekt. Men eg trur eg hadde tent meir viss eg hadde hatt ein vanleg jobb, seier  studenten.

Han har vore aktiv i studentpolitikken i to år, men føler ikkje at han sit og drar lasset for andre.

– Det at nokre verv er honorerte gjer det lettare for andre å engasjere seg, meiner Brandt.