Eit komplekst arbeid krev gode verktøy

Tekst: Tommy Aarethun
, leiar og læringsmiljøansvarleg, Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen

Tommy Aarethun
 er leiar og læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen

Eit godt og trygt læringsmiljø er ein føresetnad for at studentane skal ha høve til å prestera. Difor er det svært viktig at studentane er aktive pådrivarar i arbeidet med å betra læringsmiljøet. Det er studentane som kjenner læringsmiljøet på kroppen og veit kva som må gjerast for å nå læringsmiljøtoppen.

Læringsmiljø vert ofte delt inn i to bolkar, det fysiske læringsmiljø og det psykososiale læringsmiljøet. Kor mange grader er det på lesesalen din? Er stolen din knekt? Er du einsam? Eller har du møtt veggen? Dette er alle spørsmål som rører ved læringsmiljøet og syner kor komplekst dette arbeidet er. Skal ein sikra eit godt og trygt læringsmiljø er det avgjerande at ein ser heilskapen. Universitetet i Bergen (UiB) har som utdanningsinstitusjon eit lovpålagt ansvar for læringsmiljøet og har den sentrale rolla i dette arbeidet, blant anna gjennom læringsmiljøutvalet (LMU).

Det fysiske læringsmiljøet er det enklaste å setja fingeren på – luftkvalitet, temperatur og manglande vedlikehald er lettare å få auga på enn det som handlar om det psykososiale læringsmiljøet. Det komplekse arbeidet med det psykososiale læringsmiljø krev samarbeid og gode verktøy.

Samarbeid mellom institusjonen og  Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) er nøkkelen til å lukkast med dette arbeidet. SiB har kompetanse på førebygging og behandlingstilbod som går på det psykososiale læringsmiljøet. Det er viktig at UiB og SiB har ei felles forståing og eit system som sikrar at dei som har behov for dette får den hjelpa som dei treng.

Det har vore ei viktig sak for Studentparlamentet ved UiB å få på plass eit studentombod. No er stillinga utlyst og 14. desember går søknadsfristen ut for dei som ynskjer å bistå studentane ved ein av landets fremste utdanningsinstitusjonar. Som leiar av studentdemokratiet ser eg fram til at det kjem på plass ein kompetanseperson som kan bistå studentane i vanskelege saker og som kan vera ein kontinuitetsberar i dette arbeidet.  Dette vil utvilsamt styrka læringsmiljøet ved UiB.

Allereie er studentombodet på plass ved Universitetet i Oslo (UiO), og no dukkar det opp studentombod over heile landet. Det som tidlegare berre var noko ein hadde høyrt om frå utdanningsinstitusjonar i utlandet er no i ferd med å verta normen i sektoren. Om nokre få år vil det nok vera studenombud ved alle institusjonane

Det er viktig at arbeidet med læringsmiljøet er godt forankra lokalt gjennom LMU, men eg meiner tida er inne for å ha eit større nasjonalt perspektiv på dette arbeidet. Ein bør ta ein diskusjon i Norsk studentorganisajon (NSO) på om ein skal ha ein eigen læringsmiljøansvarleg i arbeidsutvalget til NSO. Ein slik posisjon vil kunne ha ei koordinerande rolle i læringsmiljøarbeidet samstundes som ein i større grad vil kunne løfta læringsmiljøperspektivet opp på nasjonalt nivå.

Ein læringsmiljøansvarleg i NSO sitt arbeidsutval vil kunne jobbe aktivt opp mot sentrale myndigheter for å få på plass ei ny forskrift for læringsmiljøet til studentane, som landsstyret til NSO vedtok ein resolusjon om på fyrste møte i denne perioden. Ei slik forskrift vil sikra studentane sine rettar og gjera det langt enklare for studenttillitsvalte landet over å arbeida for betre læringsmiljø.

Uavhengig av kva nivå ein jobbar på er det viktig med målretta og systematisk arbeid. Studentar og tilsette ved universitet og høgskular har ei felles interesse av eit godt læringsmiljø. Det er ein viktig føresetnad for å lukkast med arbeidet ein gjer ved landet utdanningsinstitusjonar.