Eit kulturpolitisk spørsmål til studentpolitikarane ved UiB

Studentpolitikarane har sjølve eit ansvar for å løfte sakene.

Tekst: Maria Dyrhol Sandvik. Tidlegare leiar for Studentersamfunnet i Bergen, og tidlegare listekandidat for Radikale studentar (no Venstrealliansen).

Studvest hadde forrige veke ei betimelig sak om studentkulturen som blir stemoderleg handsama av studentpolitikarane ved UiB. Nokre småfeil gjorde at ein viktig debatt kom i skuggen.

Eit forsøk på å forklare organisasjonskartet: Det er Velferdstinget (VT) som løyver pengar frå semesteravgifta til studentkultur og -idrett. Velferdstinget har representantar frå alle utdanningsinstitusjonar i Bergen, og kandidatar til studentparlamentsvalet ved UiB er difor berre indirekte kandidatar til VT. Talet på VT-kandidatar frå kvar liste blir avgjort etter oppslutnaden til kvar liste.

Dette indirekte valet gjer at studentlistene i liten grad ser kulturpolitikk som relevant for sin valkamp. VT og alt som går føre seg der, er liksom noko som berre kjem på kjøpet med eit verv i Studentparlamentet.

Studvest sin gjennomgang syner at kulturpolitikken til dei fleste studentlistene stort sett ikkje har andre ambisjonar enn «ein levande studentkultur». Grønn liste har ikkje brydd seg med å lage ein kulturpolitikk i det heile. Det er fint at flesteparten av studentpolitikarane ikkje vil legge kulturen død, men kva skal prioriterast? Studentmediene, studentkulturen og idretten kjemper om dei same kronene, men debatten når sjeldan ut til studentmassen.

Det bør ikkje berre vere Studvest sitt ansvar å grave seg ned i VT-referat for å undersøke korleis det står til med studentpolitikarane sitt kulturengasjement. Studentpolitikarane har sjølve eit ansvar for å løfte sakene.

Spørsmålet til studentpolitikarane blir: Kvar skal studentar som er engasjerte i kulturpolitiske spørsmål få utløp for sitt engasjement, om ikkje i studentpolitikken?