Eit vendepunkt i velferdsbergen

Arkivfoto: ØYVIND SUNDFØR STOKKE-ZAHL

Tekst: Tommy Aarethun, leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen

Tommy Aarethun er leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

På laurdagens møte i Velferdstinget skulle institusjonane i Bergen saman vedta korleis 5,9 millionar skulle fordelast til organisasjonar i studentbergen. Det enda med eit beklageleg vedtak. Eit vedtak som utfordrar modellen slik me kjenner han i dag og som gjer samarbeid mellom studentdemokratia i Bergen vanskeleg i tida framover.

Budsjettet som vart vedtatt på laurdag vart vedtatt med 14 mot 8 stemmer. I fjor vart det endelege forslaget einstemmig vedteke til tross for stor usemje under møtet. Stemmetalet fortel oss noko om årets prosess og korleis laurdagens møte utspelte seg. At dei åtte stemmene som var mot kjem frå same institusjon (UiB) gjer det endå verre. Måten dette budsjettet vart vedtatt på syner at ein institusjon som bidreg med 48 prosent av midlane med dagens modell kan verta overkøyrd dersom dei andre institusjonane dannar ei blokk.

Som leiar av det største studentdemokratiet i Bergen er eg nøydd til å gjera noko i etterkant av dette møtet. Me kjem til å løfta ei sak på førstkomande møte i Studentparlamentet der me ynskjer å sjå på UiB sitt forhold til SiB og drøfte om det er andre modellar som bør nyttast til fordeling av semesteravgifta.

Når ei blokk av institusjonar går saman og flyttar midlar frå dei organisasjonane som er felles for alle studentar og til sine eigne institusjonsspesifikke organisasjonar, er det ei utfordring av modellen slik me kjenner den. Det har vore ei felles forståing av at denne fordelinga skal gjerast på eit vis som gjer alle tåleleg nøgde. Måten semesteravgifta vert fordelt i dag er ikkje «sett i stein» og det kan vere behov for å endre modellen som fram til laurdag 8. november har fungert ganske godt.

At ein får framlagt nye budsjett i møtet frå to av dei organisasjonane som vert auka, er svært uryddig og det gjer det viktige arbeidet til budsjettkomiteen overflødig. At essensiell informasjon først vert kjent for alle representantane under sjølve møtet er rett og slett heilt ubegripeleg. Særleg ille er det når organisasjonane har hatt fleire høver til å leggja dette fram, intervju med budsjettkomiteen og ikkje minste under presentasjonane fredag kveld.

2. desember skal ein velje representantar til neste års budsjettkomité. Eg vonar at det viktige arbeidet som vert gjort i denne komiteen, ein viktig føresetnad for dagens modell, blir tatt omsyn til ved neste fordeling av semesteravgifta. Om den nye praksisen frå enkelte institusjonar held fram er eg usikker på om modellen slik me kjenner han i dag er den beste når ein skal gje «mest mogleg velferd, til flest mogleg studentar».

Samleside: Alle sakene om VT-budsjettet finner du her.