Frå Silicon Valley til Bergen

GIR ERFARING. I programmet til Jacob Mørch (t.v) og Trond Torsvik får studentane ekte erfaring med å starte ei verksemd, utan å måtte satse eigne midlar. FOTO: GUNNHILD SOFIE VANGSNES

GIR ERFARING. I programmet til Jacob Mørch (t.v) og Trond Torsvik får studentane ekte erfaring med å starte ei verksemd, utan å måtte satse eigne midlar. FOTO: GUNNHILD SOFIE VANGSNES

– Vi vil at gründerspirane skal gjere seg ferdig med typiske «start-up-tabbar» når dei er med oss.

Det seier NHH-student Jacob Mørch, som i fjor haust starta opp ein gründersimulator for studentar med interesse for innovasjon.

– Omlag 85 prosent av førstegangsgründarar gjer feil i startup-fasen. Desse feila får ofte negative konsekvensar og kan i fleire tilfeller føre til nedlegging av ei nystarta verksemd, seier Mørch.

Inspirasjon frå Silicon Valley

Mørch forklarar at dersom ein tek fag innanfor entreprenørskap i Noreg vil det i hovudsak vere basert på teoretiske fag, ofte haldt av førelesarar utan relevant bakgrunn frå oppstartfasen. Med minimal praksis vil dei ikkje få oppleve tabbane ein møter i starten.

– Desse feila er viktige å vere igjennom for vidare utvikling, seier han.

INTENSIVT: På åtte veker skal gründerspirane igjennom tjue seminar, worshops og føredrag. Alt skjer utanfor studietida. (FOTO: JACOB MØRCH)

INTENSIVT. På åtte veker skal gründerspirane igjennom tjue seminar, worshops og føredrag. Alt skjer utanfor studietida. FOTO: JACOB MØRCH

2015 fekk NHH-studenten vere med Gründerskulen til entrepenørskapens Mekka, Silicon Valley i San Fransisco. Gründerskolen er eit samarbeidsprosjekt mellam fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg.

Her møtte han ein anna student frå Bergen, Christer Dalsbøe.

– Vi jobba for to ulike selskaper, men fekk begge to oppleve korleis det er å vere i ei startup-boble. Det var rein halleluja-stemning, og noko som inspirerte oss då vi kom attende til Bergen, fortel Mørch.

Arena for gründerspirar

Tilbake i Bergen utvikla studentane eit åtte-vekers program, kalla Early Stage, med Nyskapingsparken som base.

– Konseptet er at studenter vert sett i tverrfaglege team. Kvart team får kvar sin erfarne mentor frå næringslivet, samt 15 000 kroner til disposisjon, fortel Mørch.

Hausten 2016 var det klart for første kull. Early Stage fekk ein enorm respons, med 250 søkarar til 20 plassar.

– Det viktige for oss var å få inn studentar med ein enorm motivasjon. Målet var også å samle ein tverrfagleg kompetanse i kvart team. Det gjorde at vi fekk deltakarar frå mange forskjellige utdanningsinstitusjoner, seier Mørch.

I programmet får studentane ekte erfaring med å starte ei verksemd, utan å måtte satse eigne midlar. Det vart til saman arrangert tjue seminarar, workshops og føredrag. Føredragshaldarane, som vert hyra inn, er nokre av Noregs mest suksessfulle gründarar.

Givande og verdifullt
GRÜNDERSIMULATOR: – Eg fekk eit enormt læringsutbytte, nettopp fordi det var praktisk og eksperimentelt, seier Trond Torsvik, som var deltakar i haust. (FOTO: JACOB MØRCH)

GRÜNDERSIMULATOR. Prosjektet har base i Nyskapningsparken, som er finansiert av Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Hordaland Fylkeskommune, Bergen Kommune, Universitetet i Bergen og SIVA. FOTO: JACOB MØRCH

Juss-student, Trond Torsvik, var ein av deltakarane i haust. Han fortel om eit enormt læringsutbytte, nettopp fordi det var praktisk og eksperimentelt.

– Eg var klar over at det var eit grundermiljø i Bergen. Likevel var det vanskeleg å vite kor eg skulle gå. Då eg kom over annonsen til Early Stage søkte eg med ein gong, seier Torsvik, som i dag er med i teamet til Early Stage der han arbeider som kommunikasjonsansvarleg.

– Det å møte etablerte gründarar, og samstundes møte likesinna studentar med enorm kreativitet var veldig givande og verdifullt. Alle som var med i haust har framleis mykje kontakt. Det har utvikla seg til å bli eit slags «alumina-network», seier Torsvik.

Utvida til Oslo

Konseptet fekk ein enorm respons frå deltakarane, og Mørch fortel at også etablerte gründerinstitusjoner har fått augo opp for konseptet.

– Nokre av teama omsatte nyutvikla produkter og tenester for totalt 16 000 kroner, og har i dag utvikla seg til å bli ekte verksemder. På grunn av dei gode resultata frå i haust har vi valt å utvide til Oslo, når neste program vert gjennomført til hausten.

Han fortel at dei allereie er i gang med rekruttering av deltakarane med eit kull i Oslo og eit i Bergen.