NHH hjalp illustrasjonsstudentar

DRAUMEN: Nina Jensen, Hilde Elise Vie og Andreas Servan har lenge draumt om å åpne eit galleri som fokuserar på illusjonar saman. FOTO: LENE R. THORBJØRNSEN

DRAUMEN: Nina Jensen, Hilde Elise Vie og Andreas Servan har lenge draumt om å åpne eit galleri som fokuserar på illusjonar saman. FOTO: LENE R. THORBJØRNSEN

Dei nyutdanna studentane Hilde Elise Vie, Andreas Servan og Nina Jensen fekk starthjelp frå Økonomiformidlingen ved NHH då dei starta si nye bedrift.

Samstundes som Hilde Elise Vie og Andreas Servan avslutta bachelorgradane sine ved KHiB, planla dei å åpne galleri saman med studievenninne frå Norges Kreative Fagskole, no Høyskolen Kristiania. 15. juni åpna dei illustrasjonsgalleriet Blekk i Lille Øvregate.

– Gøy å hjelpe Blekk

Galleridrivarane fortel at dei mangla litt økonomikunnskapar, men har fått god hjelp frå Økonomiformidlinga ved NHH.

– Dei hjelp allslags folk som treng det, og gjer det gratis for å få erfaring, seier Jensen.  

– Dei kunne hjelpe oss fram til eit visst punkt, og så måtte dei på ein måte gi slepp på oss. Dei kunne ikkje hjelpe oss å tene pengar, men dei hjalp oss å komme i gang, legg Servan til.

Magnus Johannesen ved NHH har vore Blekk sin kontaktperson ved Økonomiformidlingen. Han fortel at Vie, Servan og Jensen tok kontakt for å finne ut kva som måtte gjerast i oppstarten. Han fekk oppgåva med å hjelpe Blekk fordi han nyleg hadde holdt foredrag på Kunsthøyskolen i Bergen om oppstart og drift av ulike selskapsformar.

–  Arbeidet med Blekk gjekk ut på å være tilgjengeleg for spørsmål og oppklaring rundt registrering av selskaper, innskot av aksjekapital og generell drift, fortel Johannesen på e-post frå USA.

– Når selskapet var stifta, var økonomiformidlingen sitt arbeid over, seier han.

Johannesen fortel og at det ikkje er ofte dei blir kontakta av nyutdanna studentar, men tykte det var artig å få jobbe med sakar som Blekk.

Vie, Servan og Jensen fortel at dei ikkje hadde lært mykje om å drive eit galleri gjennom utdanningane sine.

– Det blir jo veldig annerledes. På kunsthøyskolen er det mye fokus på å jobbe med det kreative. Og det er jo det viktigaste og. Å ha gode erfaringar med å jobbe kreativt. Så klarar du å tilpasse det du har lært når du kjem vidare, seier Vie.

Printerproblem

Starten har vore god, og Jensen fortel at dei sel noko nesten kvar dag, som er meir enn dei hadde turt å håpe på.

– Spesielt med tanke på at ingen visste om oss når me åpna, seier Servan.

Folk som har vore innom tykkjer det er sprekt. – Andreas Servan

Trass i den gode starten var ikkje åpninga berre enkel for dei ferske galleridrivarane. Dagen før åpninga av Blekk venta dei endå på printeren.

– Me hadde jo verkeleg tenkt å få den mykje tidlegare, så me kunne begynne å printe til åpningsdagen, fortel Jensen.

– Dagen me skulle få den ringte eg og sa at dei ikkje måtte komme med den og banke på, og så gå igjen om me ikkje var her, men så gjorde dei jo det likevel. Så då måtte me ringe og få dei til å komme tilbake, legg ho til.

– Det gjekk treigt og me fekk dårlig tid. Det var på nære nippet at me rakk det, og det vart veldig mykje arbeid frå vår side på kort tid, skyt Servan inn.

GODE VENER: Dei har krangla litt om småting, men er einige om at dei vanlegvis samarbeidar godt.  FOTO: LENE R. THORBJØRNSEN

GODE VENER: Dei har krangla litt om småting, men er einige om at dei vanlegvis samarbeidar godt.
FOTO: LENE R. THORBJØRNSEN

Dei fortel at dei ikkje veit om andre galleri i Bergen som fokuserar så mykje på illustrasjon som dei gjer, og at dei har fått positiv tilbakemelding på dette.

– Folk som har vore innom tykkjer det er sprekt, fortel Servan.

– Surrealistisk og sakralt

Illustratør Anders Røkkum, som for tida har hovudutstillinga på Blekk, er glad for at dei fokuserar på illustrasjon.

– Dei er jo dei einaste eg veit som som er så fokusert på illustrasjon, og her får vist meg fram for andre illustratørar.

ILLUSTRATØR: Anders Røkkum står bak hovudutstillinga hos Blekk. FOTO: LENE R. THORBJØRNSEN

ILLUSTRATØR: Anders Røkkum står bak hovudutstillinga hos Blekk. FOTO: LENE R. THORBJØRNSEN

– Det er stort sett berre teikningar. Eg driv med maleri og, men her har eg brukt teikningar som er ganske grafiske. Dei er litt surrealistiske og har litt sakral stemning, seier han om utstillinga si.

Røkkum har tidlegare jobba som tatovør, men no lev han av kunsten. Som illustratør har han gjort jobbar som å lage albumcover for artistar, men han fortel at han foretrekk stilen han viser fram på Blekk.

– Det er det mørke som er det artigaste. Og då er det jo det eg vil vise fram og.