Hugsjá – eit unikt bestillingsverk

Ester Segarra

FOTO: ESTER SEGARRA/HUGSJÁ

Ei spennande musikalsk reise tilbake i tid i Noreg fant sted i Grieghallen under Hugsjá-konserten.

Konsert

«Hugsjá»

Kor: Grieghallen

Når: 31. mai

Lyset blir dimma ned til det er heilsvart. Det blir stille i publikum. Ein kan høyre instrumenta svakt blir stemt i bakgrunnen. Eit spotlys går på gitaristen som byrjar med melodisk gitarspel. Vokalisten heng seg på og slår på ei skinntromme frå eldre tid. Det lyser bak frå scena, og bandet står som guddommelege silhuettar når dei alle spelar i ei kraftfull låt. Slik begynner Festspill-konserten «Hugsjá»

«Hugsjá» er eit bestillingsverk til Festspillene som hadde urframføring i Grieghallen 31. mai. Dei to musikarane bak har tidlegare hatt fire konsertar på Vestlandet med fokus på dei lokale plassane, og samlar til slutt alt saman for ein full konsert i Grieghallen. Dei to karane bak dette verket er Ivar Bjørnson og Einar Selvik, Kanskje betre kjende som gitarist i det norske metalbandet Enslaved og vokalist i Wardruna. Eller «The Caveman» og «The Viking», som Bjørnson sjølv presenterte dei som på scena.

«Det handlar ikkje om å romantisere fortida, men noko frå fortida er verdt å bringe vidare», seier Selvik etter konserten om prosjektet. Ingen av dei er nye på det her, då dei har jobba saman tidlegare på same prosjekt. Og det merkast på forestillinga, som er veldig forseggjort. Tekstane er spesielt verknadsfulle, særleg dei som er skrive om utvalde plassar i Vestlandsregionen. Og i musikken, sjølv om det er folkerock-stil, kan ein skimte litt metal-bitar i stykkene. Det er stilig at Selvik og Bjørnson kan bruke noko av det dei vanlegvis driv med i eit heilt annleis prosjekt.

Sjølv om det er to metal-musikarar som står bak, er det langt i frå metal dei framfører. Dei serverer vakre tonar med melodisk spel. Og ikkje berre fungerer det som ein konsert, men også som ein utstilling av eldre nordiske instrument som for eksempel hardingfele, bronselur, bukkehorn og den kanskje litt meir ukjende kraviklyra, som er det eldste strenginstrumentet ein har funne i Noreg. Bandet bestod ellers av tromme, keyboard og gitar.

Hardingfele og kraviklyre er spanande instrument som diverre drukna litt for mykje i det heile store lydbilete. Men i songen «Utsyn» får ein høyre meir av kraviklyra, og i songane «Ni Døtre av Hav» og «Ni Mødre av Sol» får ein høyre meir felespel. Det gir konserten ein god touch. Dei brukar òg kor på nokre av songane, noko som gjer musikken enda meir stemningsfull.

Spennande er òg publikum. Her er ein god blanding av dei litt eldre som kanskje reiser på alle konsertane på Festspillene, kler seg i fin bluse eller dressjakke, og av dei som går i svart band t-skjorte, skinnjakke og har langt skjegg. Det er gøy at Festspillene kan nå ut til eit kanskje enda breiare publikum enn vanleg.

Konserten vart avslutta med ein kraftfull song, med både kor, bronselur og kjempeflott vokal. På trass av eit litt vilt lysshow som til tider tok fokuset vekk frå musikken, og ein del alt for fulle og bråkete vaksne folk, var det ein utruleg stemningsfull og vakker konsert.