Husmannskost på Randis Kjøkken

Bjellands Kjøkken, THT_0037

NORSK HUSMANNSKOST. Ei skål betasuppe kostar 80 kronar på Randis Kjøkken. FOTO: TORE HAUKE THIESEN

Du veit det kanskje ikkje enno, men du har faktisk ei bestemor i Bergen.

FOTO: TORE HAUKE THIESEN

FOTO: TORE HAUKE THIESEN

Etter førre månads kulturelle utflukt til Horn of Africa er Peder og Martins Gastronomiske hjørne tilbake i heimlege trakter, og det så til dei grader! Randis Kjøkken er nemleg kjend for å lage husmannskost som kan tilfredsstille både staute arbeidskarar, men forhåpentlegvis også meir sofistikerte ganar som våre. Du veit det kanskje ikkje enda, men du har faktisk ei bestemor i Bergen.

Vi er innanfor dørstokken, og assosiasjonane strøymer allereie på. Ei fyldig eim av varm, norsk matlukt fyller naseborane våre. Randi står på kjøkkenet og syslar idet vi kjem bort, og snur seg mot oss. «Veit de kvifor radioen min ikkje fungerer?», spør ho. Sjølvsikre som vi er, forklarar vi at ho må bytte den gamle FM-radioen med ein DAB-radio, og etter litt koseleg dialog bestiller vi ei skål betasuppe kvar.

Lyden av Randi som lagar mat er veldig behageleg. Mat som kokar, vifta som er på, og fat som klirrar. Minner som blir vekka til live der vi sit og lyttar. Minner om å sitte i bestemor si stove og vente på maten. Lukta som sakte blir danna i rommet, og svolten som snik seg på. Åtte minutt seinare kjem Randi bort med to rykande ferske skåler betasuppe.

Store bitar løk, svineknoke, poteter og forskjellig anna snadder smiler varmt til oss frå skåla. Suppa har ei mektig kraft, og innhaldet er godt komponert. Varmen frå suppa blir overført til sinnet – her er det godt å vere.

Plutseleg høyrer vi ein lyd. Det er lyden av ein skurrete FM-radio som begynner å virke, og Randi uttrykker sin fornøyelse over at radioen som har våre i hennar eige i over 20 år framleis verkar. Radiostasjonen fyller rommet med ein klang frå 50- og 60-talet, i det vi fullfører måltidet vårt.

Som nemnt er dette ein stad som serverer husmannskost, og den kan kome i fleire fasongar. På menyen finn ein både torsketunge, laks, kjøtkaker og karbonadar, så her er det noko for kvar ein smak. Betasuppa var med 80 kroner noko av det billigare på menyen, og dei store hovudrettane kan fåast for 200 kroner.

FOTO: TORE HAUKE THIESEN

FOTO: TORE HAUKE THIESEN

Inntrykket vi sit igjen med frå Randis kjøkken er både varmt og kjærleg. Dei sjarmerande lokala og Randi som er ein oppriktig omsorgsfull person gjer at vi definitivt vil kome tilbake til den vesle «stova» på Nordnes. Lengtar du etter eit godt heimelaga måltid, dreg du til Randis kjøkken.

Du veit det kanskje ikkje enno, men du har faktisk ei bestemor i Bergen.

4/5