Kort konsert, masse headbanging

Toxic_Death_AG_01

HEILT METAL. Det var ikkje masse ansiktsutrykk vi fekk frå bandet, då det gjennom heile konserten var ein heil del headbanging. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN.

Töxik Death frå Sandnes spelte ein liten på konsert med god stemning på Hulen.

KONSERT

«Töxik Death»

Kvar: Hulen

Når: 17.mars

Tøffe menn med skinnvest, langt bølgete hår, og to øl i hendene går opp på scena. Når eg ser på dei, og publikum som matchar, veit eg i alle fall at eg ikkje har gått feil. Kleskoden er svart. Diltande etter mot scena kjem ein fyr med halvlangt svart hår, og eit belte med skot rundt seg. Dei startar konserten utan introduksjon og med eit brak. Publikum sig sakte, men sikkert inn foran scena, og fyller rommet.

Trash metal-bandet frå Sandnes, Töxik Death, slo hardt til på Hulen fredag kveld. Etter ein kort halvtime, var stemninga heilt klart god blant publikum.

Vokalisten var heilt med i musikken, og då det var delar med instrumental, var det intens headbanging frå han, i lag med gitaristane.

Toxic_Death_AG_05

FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN.

Lyden var til tider ubehagelig skarp og høg. Høyrte eg noko av sangteksten? Nei! Men skal ein det på metal-konsert? Nei. Musikken ellers var ikkje som ei stor suppe, som ofte kan skje med metal, og ein kunne høyre godt riffa,og dei musikalske delane.

Stemninga i publikum var koselig. Publikum applauderte, eller løfta ølen sin, og headbanga i takt med vokalisten. Når konserten var over ønska dei meir, men bandet måtte skuffe dei over at dei ikkje hadde meir musikk å spele.

Det var eit stilfult band,som utførte ein konsert ganske bra saman. Dei hadde stilige instrument, som for eksempel at begge gitaristane hadde gitarar i v-formasjon.

«SPEED.METAL.HELL», skrik vokalisten ut. Det var ikkje mange introduksjonar til songane som blei spelt, men inni mellom blei tittelen skrike ut i mikrofonen.

Ein del av songane til bandet var veldig korte. På det minste ett minutt langt, i kontast til andre metalband som har songar som varar i alt frå ti til 20 minutt. Og konserten varte berre i 30 minuttar. Det blei veldig opphakka på grunn av dei korte songane, og det gjekk veldig fort før konserten var over. Eg sakna óg at dei ikkje responderte så mykje til publikummet sitt engasjement.

Det var ein kjekk opplevelse, masse på grunn av engasjement frå publikum, og energien og stilen på scena. Men det kunne rett og slett vore meir musikk.