Sykkel-VM er kanskje rett rundt hjørnet, men ikkje alle liker best å sykle på asfalt.

– Håper ikkje du har på deg favorittskoa dine. Dei vil ikkje sjå like fine og reine ut når vi kjem attende.

Det seier student Aslak Rockwell Djupedal (23) når vi møter han på parkeringsplassen like under Totlandsfjellet, knappe tretti minuttar unna Bergen sentrum.

Medan resten av Bergen førebur seg på å ta imot verdas beste landevegssyklistar til sykkel-VM, stikk Aslak og kompisane Magnus André Hulbak (23) og Sondre Folkedal (24) til fjells med litt andre typar syklar for å sleppe unna kaoset. I dag skal dei vise Studvest kor og korleis ein driv med stisykling (sjå faktaboks) som student i Bergen

Sjå video i nederst saken!

Skitten leik
terrengsykling_TSA_33

ASLAK ROCKWELL DJUPEDAL (23), FRÅ LEIKANGER. Starta med stisykling i fjor sommar. FOTO: TORILL SUNDE APELTHUN

– Det er kjekt å ha sjansen til å dra litt ut av Bergen by. Sykkelen er den perfekte unnskyldning, seier Magnus.

Kollektivet på tre er einige om at stisykling er ein god aktivitet å ha på si når ein ønskjer å kople av frå studiekvardagen.

– I Bergen har vi flotte fjell rett opp frå sentrum. Området er kjent for å vere bratt, vått og steinete, seier 23-åringen frå Bergen.

Sondre bryt inn og fortel med entusiasme om flotte flyt-stiar, der høg fart mellom smale tre og fine svingar følger med.

– Det blir alltid gode samtalar, sveitte, gjørme, knall og fall. Du er også sikra ein god dose latter, seier Sondre.

Han fortel ei historie frå førre helg, då han og tre andre kompisar sykla same løype som i dag. Det som vanlegvis berre er enkle parti, hadde plutseleg djupe gjørmehol.

– Først gjekk eg over styret, og fekk meg eit ufrivillig bad i ei myr. Etter meg samkøyrde to av kompisane eit realt fall i gjørma. Sistemann låg på magen i bekken med sykkelen over seg, han har grov halsbetennelse i dag. Men det går som regel bra, og ender 9 av 10 gonger med ein god latter, seier Sondre.

Spleisa på folkehøgskule
terrengsykling_TSA_29

SONDRE FOLKEDAL (24), FRÅ KARMØY. Starta med stisykling i fjor sommar.

Det er ikkje tilfeldig at tre gutar med like stor interesse for stisykling hamna i same kollektiv.

– Alle har gått på Molde folkehøgskule, men i tre ulike kull. Sondre var stipendiat då Magnus starta i 2013, seier Aslak, som sjølv vart introdusert av felles kjente året etter.

Kollektivet starta å sykle saman i Bergen i fjor haust, noko dei fortel er til naboane si store misnøye.

– Du kan trygt seie at vi har invadert fellesarealet i kjellaren. Tre stisyklar tek opp ein del plass, seier Sondre.

Når karane i kollektivet ikkje er ute og syklar, studerer dei på høvesvis HVL og UiB. Aslak skal bli grunnskulelærar, medan Sondre og Magnus studerer naturvitskap og biologi. På veg oppover stien, som lokalt vert kalla Kubakkane, fortel dei at skulen alltid er førsteprioritet. I alle fall nesten alltid.

– Kor ofte vi er ute og syklar varierer, men i det siste har det vore ein til to gonger i veka. King of the Mountain kjem ikkje av seg sjølv, så ideelt sett burde vi ha vore ute oftare, seier Sondre.

Meistringskjensla er viktig. Det tek tid å bli ein god syklist. Køyr på i ditt eige tempo, så blir ein berre betre og betre.

Aslak Rockwell Djupedal (23), stisyklist. 
Bitne av basillen

Vi har gått i tretti minutt når Magnus kjem på at han har gløymt sykkelhjelmen i bilen. Han seier «safety first», og føreslår at vi går vidare medan han spring attende for å hente den.

– Magnus er ein sprek mann. Det er vel det ein blir når ein driv med stisykling, så vi treng ikkje vente. Han dukkar nok opp etter kvart, seier Sondre.

Bergensaren Magnus har drive med sykling sidan 2011. Sondre og Aslak fekk først augo opp for stisykling i fjor sommar.

– Vi vart fort bitne av basillen. Sidan den gong har det vore mykje leik og moro i stiane rundt Bergen, seier Sondre.

Tærer på lommeboka
terrengsykling_TSA_13

MAGNUS ANDRÉ HULBAK (23), FRÅ BERGEN. Har drive med stisykling sidan 2011.

Sondre, Aslak og Magnus er langt frå dei einaste som driv med stisykling i Bergen.

– Eg vil seie miljøet for stisykling i byen er ganske stort. Det har vakse i takt med resten av landet dei siste åra, seier Magnus.

Han fortel at Facebook-sida til Bergen Mountain Bike Klubb i dag har om lag 1000 medlemmar.

Som medlem av gruppa kan ein delta på guida turar og treningar.

– Blant studentar er det ikkje like utbreitt med stisykling. Det er ein dyr hobby, og vi er ikkje akkurat kjent for å vasse i pengar, seier Magnus.

Aslak er einig med kameraten, og fortel at det er eit evig dilemma om ein skal bruke pengane på laurdagspils eller sykkelutstyr.

Må pushe grensene
terrengsykling_TSA_03

MØTESTAD. Alle karane i kollektivet har gått på Molde FHS. Sondre (t.h.) var stipendiat då Magnus starta i 2013. Aslak (t.v.) vart introdusert av felles kjente året etter. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN

Karane har eit par tips til studentar som ønskjer å starte med stisykling. Alle er einige i at det er ein fordel å kjenne nokon som har kjennskap til sporten.

– Vi anbefaler å låne ein sykkel før du kjøper. Det er snakk om ein god del pengar når ein først skal investere i ein stisykkel, seier Magnus.

Han fortel at ein heilt ny stisykkel kostar om lag 25 000 kroner.

– Ein kan få mykje bra, brukte syklar på Finn.no eller salssider på Facebook. Men unngå bomkjøp ved å ta med ein kompis som kan litt om stisyklar, seier Magnus.

Aslak er samd med roomien.

– Når ein først har skaffa seg sykkel og naudsynt sikkerheitsutstyr, er det berre å komme seg ut. Då er det viktig å pushe grensene litt for å oppnå progresjon, seier 23-åringen frå Leikanger.

Han legg til at ein likevel ikkje må gå for fort fram.

– Meistringskjensla er viktig. Det tek tid å bli ein god syklist. Køyr på i ditt eige tempo, så blir ein berre betre og betre.

Han meiner bergensforholda, med mykje «slip and slide» på røter og stein, er ein sikker vinnar for å bli god i stisykling.

 

Stisykling from Toril Sunde Apelthun on Vimeo.

Kommentarer

kommentarer