Krevande, men viktig inkludering

utvekslingsstudenter_Ola OlsenLysgaard

I skjeringspunktet der to kulturar møtast oppstår det grobotn for nye, viktige tankar. Vi må bli flinkare til å inkludere utvekslingsstudentar i det norske studentlivet.

For få internasjonale studentar er medlemmar av studentorganisasjonar i Bergen. No forsøker Studentparlamentet å betre dette ved å innføre ein pris som skal oppmuntre til betre integrering av utvekslingsstudentar. Denne prisen skal etter planen bli utdelt årleg til den studentorganisasjonen som tar best vare på dei internasjonale studentane.

Det er ikkje berre studentorganisasjonar som har gjort ein for dårleg jobb med integrering, det gjeld også bergensstudentane sjølve. No manglar Erasmus Student Network (ESN) 20 norske studentar til Buddy-programmet, ein fadderordning for utvekslingsstudentar. I haust mangla dei heile 170 norske fadrar. Dette er synd sidan eit fleirtal av utvekslingsstudentane bur langt utanfor sentrumskjerna, ofte utan nemneverdig kontakt med nordmenn. Buddy-programmet er viktig for å gi utvekslingsstudentane ei innføring i norsk kultur og norske normer, i tillegg informasjon om kva studentorganisasjonar det er mogeleg å engasjere seg i.

Det er lett å forstå kvifor mange studentorganisasjonar ikkje har fokusert så mykje på å rekruttere utvekslingsstudentar. Det er krevande å vere inkluderande, men det er óg viktig. Ved å kommunisere med menneske frå andre kulturar får vi utfordra vårt eige verdssyn gjennom diskusjon. I skjeringspunktet mellom ulike meinigar oppstår eit kreativt rom der nye idear kan vekse. Organisasjonane vil få inn nye impulsar og oppdage alternative måtar å løyse utfordringar på.

Om studentorganisasjonar ønskjer å ta inn internasjonale studentar må dei tilpasse seg. Dette er det mange som ikkje ønskjer, fordi det krev både nytenking og fleire engelskspråklege aktivitetar. Det er heller ikkje alle organisasjonar det er like lett å inkludere utvekslingsstudentar i, til dømes dei som rettar seg spesifikt mot norsk politikk. I tillegg blir dei internasjonale studentane som oftast berre i landet vårt ein kort periode. Mange synst nok det kjenst meir fruktbart å lære opp studentar som kan bidra til organisasjonen deira meir enn eit kort semester. Det er heller ikkje sikkert at alle utvekslingsstudentar ønskjer å vere med i studentorganisasjonar og arbeide frivillig. Utveksling blir trass alt nærmast sett på som eit friår av mange.

Om utdanningsinstitusjonane i Bergen skal sikre gode relasjonar til samarbeidsinstitusjonar i utlandet er dei avhengige av at studentane som kjem til Bergen trivst og sender gode tilbakemeldingar til heimlandet. Utveksling må nødvendigvis skje mellom to partar, og viss utdanningsinstitusjonane ønskjer å ha gode utvekslingsavtalar for eigne studentar, må dei oppretthalde sin del av den tosidige utvekslingsavtalen. Då er det viktig å gi dei internasjonale studentane mogelegheit til å bli integrerte i det bergenske studentmiljøet.

Vi bur alle i éi verd, og viss vi ser stort på det står vi alle framføre dei same utfordringane. For å kunne løyse desse er vi avhengige av å skape det kreative rommet som oppstår i samarbeid mellom menneske frå ulike kulturar.