– I årets revy «Hjelp!?» leikar vi oss med krise-omgrepet, og presenterer både store og små kriser i livet. Publikum vil nok kunne kjenne seg att, introduserer instruktør Bernt Lendenge, og lovar meir av fleire ting:
– De vil få sjå meir musikk. Meir sang. Og meir dans. Dansarane skal ikkje berre vere pyntedukker, men delta i førestillinga. Vi har fleire sprøe karakterar enn tidlegare. Og det er humor for alle, lovar Lendengen.
MYKJE Å TA AV
Etter nyttår har 50-60 studentar på dei mest intensive øvedagane gjort det naudsynt å utsetje alarmen på Landås. Gjerne til fire om natta. Intensiveringa i øving er noko Lendengen, som er ein av to instruktørar, har merka spesielt godt.
– Tankar kring kva vi skulle ha med og ikkje ha med i førestillinga har uroa mykje av nattesøvnen. Det har vore høg «Kill your darlings»-faktor. Eit luksusproblem, kan du kanskje kalle det, fortel han.
– Før jul trudde eg heller vi kom til å få eit problem med for lite stoff, skyt skodespelar Thomas Trettenes inn.
– Men det viste seg altså å vere feil.
SPENSTIGE REKVISITTAR
Fredag hadde «Hjelp!?» première, og vil verte spelt heilt fram til neste fredag. Lendengen og Trettenes held korta tett til brystet med å røpe for mykje for dei som enno er utan billett, men kan lekke ut at revyen i år har nokre spesielt spenstige rekvisita.
– Den største fekk vi rett før generalprøva torsdag. Rekvisitt— og scenografigruppa har vore utruleg flinke, meiner Lendengen.
– Har vi spurt om noko, har vi som regel fått det dagen etterpå, fortel skodespelaren.
LÆRARHUMOR
Den årlege Høgskolerevyen har lenge gått under det uoffisielle namnet «lærarrevyen». Eit ikkje unaturleg stempel, ettersom Lærarhøgskulen husar revyen.
– Fleirtalet er frå dette huset, sjølv om vi òg har fått med oss sjukepleiarar og ingeniørar. Men folk forventar å få lærarhumor, så det skal dei sjølvsagt få ein del av, forsikrar instruktør Bernt.
– Og definisjonen på lærarhumor er?
– Til dømes lærarar som ikkje er gode nok, eller elevar som gjer det dårleg på nasjonale prøver.
– Krise er temaet for revyen, men det er ikkje noko krise for revyen i seg sjølv?
– No har vi alt under kontroll. Så då gjenstår det berre at folk tek i mot den hjelpa vi meiner dei treng, smiler Lendengen.