Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Vennskap.

Utvid nettverket ditt via nettet


 
MER OM DENNE SAKEN:
Mange einsame studentar
Det florerer med nettsider for dei som vil servere sjekketriks, men kva med dei som faktisk meiner: «Kan vi ikkje berre vere vener»?

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Dette spørsmålet stilte Vetle Valebjørg – og laga sjølv løysinga på problemet. Det var rett og slett ikkje noko fullgodt tilbod for kontaktsøkjande som ikkje var interessert i kjæraste og stevnemøter.

– Eg laga nettsida Aktivitetsvenner.no medan eg studerte på NTNU i Trondheim. Sida er til for dei som har lite vener, eller har ulike interesser enn resten av vennegjengen, eller nettopp har flytta til ein ny stad, forklarar Valebjørg.

– Dette er ikkje ei nettside for kontaktannonsar og sjekking.

Saman med bror sin, Eivind Valebjørg, starta han i september 2006 ei gratis netteneste som koplar saman personar med like interesser.

MEST JENTER

– Finn du ein person som har lik interesser som deg, kan det vere enklare å kome i gong med nye aktivitetar òg, seier Valebjørg.

– Kven vil du sei er den typiske brukar?

– Storparten av brukarane er jenter. Nokre av dei er småbarnsmødrer som treng ein turkamerat. I alder har vi brukarar heilt frå 16 til 60 år.

– Korleis fungerer tenesta i praksis?

– Ein lagar ein profil med dei aktivitetane ein er interessert i, samt kor god ein er til aktiviteten. Når ein søkjer etter ein ven, kan ein til dømes sortere etter aktivitet og bustad. Slik kan personer med like interesser treffe andre i eiga aldersgruppe i same by eller ved same studiestad, forklarar nettgründeren Valebjørg.

TENNIS ELLER KINO?

Rundt 300 aktivitetar er registrert – med alt i ekstremsport til felles handleturar. Ut i frå populariteten å dømme, dekkjer nettstaden eit tomrom i nettverket hjå folk. Per dags dato har nettsida 4 000 aktive brukarar i Noreg.

– Folk fortel at dei er kjempeglade for tenesta, at den er nyttig og at dei har treft mange gjennom sida vår, seier Valebjørg.

Han har sjølv brukt tenesta eit par gonger. Nettsida styrer seg i det store og det heile sjølv, med litt hjelp frå brørne Valebjørg innimellom. Nettsida er hovudsakleg finansiert av sponsorar.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE