Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2008, er 1,1 millionar nordmenn einsame. Ei undersøking av Norfakta same år, avdekkjer at studentar ein stor del av dette talet: Heile fire av ti studentar kjenner seg einsame.
LITA KONTAKTFLATE
Frode Andreassen, sjefspsykolog og leiar ved Studentenes psykiske helsetjeneste (SPH), fortel om ein jamn pågang av einsame studentar.
– Utgangspunktet for einsemda kan vere at dei strevar med studiane, medan ein helst vil framstå som vellukka. Andre kjenner seg gjerne ikkje som ein del av eit nettverk, fordi dei ikkje er sosialt offensive, meiner Andreassen.
– EIN SPESIELL SITUASJON
Om studentar er meir einsame enn andre samfunnslag, kan ikkje psykologen slå fast. Men at studentar er i ein spesiell situasjon, er han ikkje i tvil om.
– Dei reiser frå relasjonar dei har vore i og er utan både familie og vener. Nokre vert gåande i periferien og melder seg ikkje på aktivitetar. Kjensla av å kome til kort fører gjerne til depresjon, forklarar Frode Andreassen.
FADDERVEKA
Spesielt i starten av eit nytt studie-år på ein ny stad kan det vere vanskeleg for somme studentar.
– Kva funksjon får fadderveka for dei ny-tilflytta studentane?
—For somme kan det hjelpe litt. Men fadderveka har jo mest fått rykte på seg for å vere ei veke der ein lærer å finne vegen frå pub til pub. Det er gjerne ikkje formålstenleg for studentane som treng kontakten mest.
—Når går grensa for at ein treng ekstern hjelp for å få bukt på problemet?
—Når ein mistrivst, ikkje har nokon å snakke med og kjenner at det går utover livskvaliteten og studie-mestringa. Då bør ein ta kontakt med oss eller studierettleiar. Ein studierettleiar kan gjerne hjelpe til med meir enn berre fag, avsluttar Andreassen.