– Å verte parodiert er ei ære, smiler Rune Larsen.
Han pratar om ei gåve frå dottera Line: Ei original Pondus-stripe, der eit noteark vert trumfa ned munnen til foreldre som remjar melodien til «Lollipop». Fjernsynsprogrammet Rune sjølv var med på å tralle i gong i 1989.
– Frode Øverli var redd for at eg ikkje ville like stripa, men eg syntest den var kjempefin!
Larsen er rundt førti år eldre enn den jamne Studvest-lesar, men deler felles interesse med samtlege av dei. På stamkaféen Skibet, kjem han oss i møte med eit gullkors rundt halsen og handtaket på ein Outland-pose rundt fingrane. Frank Miller. Moebius. Neal Adams og Joe Kubert. I dei isblå auga hans er dei alle favorittar når det kjem til strekførarar. Favorittar som inspirerer til eigne linjer.
– Teikninga er eigentleg berre noko eg driv med på fritida. Men ein gong selde eg ei teikning til ein kjenning på bestilling.
– Ei teikning av kva då?
– Ei naken dame som står i dusjen.
Bergensaren med lyseblå dongeribukse og marinefarga genser svarar ærleg, men utan å nøle. Og vi trur han — for på MySpace-sida til 60-åringen finn vi faktisk rampestreken. Namnet Rune betyr «løyndom», og berre i Noreg er det 275 eksemplar av løyndomsfulle Larsen-ar. Men etter ti år med journalistblokka i eiga hand, er ikkje bergensaren personen til å gøyme seg vekk. Provet på det finn ein i gullrekkja av jubelplater: Fem sølv-, fire gull-, to diamant- og to platinaplater. Eit samla sal på 657 581 plater.
– Det var filmen «The Young Ones» som gjorde utslaget. Eg var 13 år og såg den fleire gongar. Det var filmen som fekk meg til å konkludere med at musikk var noko eg ville arbeide med. The Young Ones vart òg namnet på det eine bandet eg spelte i, forklarar bergensaren.
Rampelyset såg han allereie som 16-åring, då debutsingelen «Cinderella» vart fødd. Både melodien og innteninga var prega av 60-talet: Åtte øre per stykk. Det var imidlertid songen «Han er min sang og min glede» som kanskje gjorde det best på platemarknaden. Ifølgje Dagbladet var det den mest spelte på Ønskekonserten i 1978. Dette trass i at Ni-timen konsekvent nekta å spele songen.
– Det som vert spelt på radio i dag er utruleg snevert. Eit fåtal menneske i Oslo avgjer kva vi alle skal høyre på. Personleg er eg ikkje fan av dansebandmusikk, men det er musikk som mange har glede av. Arrogante snobbar, påpeikar Rune bestemt.
Offentleg kristen har han vore sidan 1969 - enn kvar beina hans forflyttar seg - heng gullkorset rundt halsen. På 70-talet var han blant anna KFUM-sekretær i Trondheim og i Bergen. På same måte er det med musikken frå 50- og 60-talet som han forelska seg i. Rør saman songgleda med livssynet — og det var kanskje berre eit tidsspørsmål før Rune Larsen innførte ein ny musikksjanger. Mannen bak omgrepet «barnegospel», tittelen som prega både ei bok og ei plate signert bergensaren. Det sa imidlertid stopp då han ville overføre barnegospel til tv-ruta.
– Tidlegare hadde eg hatt gospelkveldar på fjernsyn. «Kvifor ikkje lage barneprogram av det?», tenkte eg, og fekk ja til å starte opp. Dagen før sending hadde vi delt ut lappar i Frognerparken til born om dei ville vere med i studio. Publikum og alt var klart for å sendast, forklarar han.
Ironisk nok var det, blant anna, ein prest som var konsulent for NRK, som sette ein stoppar for at programmet kom på lufta. Saka kom etter kvart opp i Kringkastingsrådet der nokon sette spørsmålsteikn med kvifor ein nekta å sende eit program som alle meinte oppfylte krava reint fagleg og tv-teknisk. Svaret frå kringkastingssjef, Torolf Elster var: «For forkynnande». Samstundes var Rune Larsen vitne til at songaren Mahalia Jackson song dei same gospelsongane på engelsk. Utan at nokon reagerte. Skilnaden var språket. Gospel på norsk.
– Kva tenkjer du om tv-sensuren i dag?
– Eg trur ikkje det hadde skjedd i dag. Det heile var eigentleg ganske uskuldig.
Med åra vart CV-en fylt opp med bandnamn som The Young Ones, The Stringers, The White Shirts og Black Diamonds. Med tv-program som til dømes Lollipop, Syng med oss, Noteknekk og Absolutt norsk. Journalist. Forfattar. Føredragshaldar. Programleiar. Manager. Leiar for eige plateselskap: Noah AS. Blant alt han har vore med på, er det imidlertid borna, Sissel Kyrkjebø og Lollipop han er mest kry over.
– Profesjonelt var det å vere manager for Sissel Kyrkjebø, samt Lollipop det største i karriera mi. Ungdom som knapt var fødd då programmet var på lufta roper «Lollipop» etter meg. At noko eg har vore med på har fått så sterkt gjennomslag, synest eg er utruleg kjekt.
Vekk frå Bergen klarar han aldri å lausrive seg. Den lengste perioden han har budd vekke frå byen er dei tre åra han var i Trondheim. På same vis har han det i matvegen – han klarar ikkje å lausrive seg frå det han likar best. Så ofte er han på Skibet ved Zachariasbryggen, at verken menyen eller orda treng å hentast fram. Berre eit nikk til kelneren når han seier «kyllingfajita?».
– Men pass på at kyllingbitane ikkje vert skjært slik som sist. Og så var krydderet litt annleis. Gjer de slik de plar. «Don’t fix a clock that ain’t broken», instruerer Rune Larsen kelneren.
Han er ein anten-eller-mann. Alt eller ingenting. Slik vart det òg med treninga. Då ryggproblem førte til at kona måtte løfte han i senga på det mest kritiske, starta han å trene. Enn kvar han reiste med musikken eller tv-programma, måtte det vere eit treningsstudio i nærleiken. 60-tal bak namnet, ser ikkje til å tynge han nemneverdig.
– Mentalt kjenner eg meg som ein 35-åring. Eg trur eg skulle klart å halde tritt med ein 35-åring i treningsstudio, seier han utan ironi i røysta.
Rune Larsen ser på oss med dei karakteristiske lyseblå auga og har ikkje eit snev av ironi i røysta:
– Eg trur faktisk det.
Saman med Edle, som han framleis er gift med, blåste han ut 21 lys på kaka før han vart pappa. Det vart eit tydeleg skilje: Før og etter papparolla.
– Å verte pappa endra livet mitt totalt. Men no er Kim, Tonje og Line i 30-åra. Eg må ikkje lenger vere med familien, eg går på fleire konsertar og eg kan ta fleire gutekveldar på byen. På ein måte kjennest det ut som om eg er yngre no enn før.
Sitat:
– Ungdom som knapt var fødd då programmet var på lufta roper «Lollipop» etter meg.