Er det haifinner? Varseltrekantar? Play-knappar? Over tretti svarte trekantar med hengslar er festa inntil veggen. På golvet ligg gamle skumgummimadrasser, som spenner frå lysegul til lyserosa. På Galleri Fisk trakkar publikum rett inn i, og på, kunsten. Med blå plastikk på fottøyet.
– Det gir eit inntrykk av at ein skal respektere kunsten, at ein ikkje må ta med seg noko skittent inn, kan du kanskje sei, forklarar Elida Brenna Linge.
– Då eg fekk beskjed om at eg fekk utstillingsplass, var eg freista til å lage mange trekantar med playknapp-aktig form. Dei er spisse og er kanskje litt truande. Kontrasten fekk eg med madrassane på golvet, som er mjuke og venlege. Heile installasjonen vart eit slags forsøk, forklarar kunststudenten med utdanning frå både kunst og visuell kommunikasjon.
AKTIVERER SANSANE
Kunsten aktiverer fleire sansar hjå tilskodarane. Aktive var i alle fall dei rundt 70 oppmøtte på opningsdagen. Nokon sprang langs veggane og vippa ned alle trekantane ein etter ein. Nokon let kvilepulsen senke seg der dei låg med ryggen på madrassane. Andre måtte presse seg inn mellom trekantane på veggen, for å i det heile få plass i det vesle utstillingslokalet.
– Spesielt overraskande var det å sjå kunsteliten liggje og vri seg på golvet. Nokre av dei enda opp med å diskutere kva madrass som hadde best sprett, seier kjærasten til Elida, Espen Ingebrigtsen.
KONTRASTAR
Ein av dei som let seg fascinere av kunsten til Brenna Linde er Renate Stokkeland.
– Du må trakke inn i sjølve kunsten, og ein kjem på eit ustøt underlag. Kontrastane er i dei spisse trekantane, mot dei mjuke og venlege madrassane. Men fordi madrassane kan gjere at du dett inn mot trekantane, kan det mjuke òg verte farleg, resonnerer tilskodaren.
– Vippar ein trekantane inntil veggen, dannar det seg eit mønster. Spørsmålet då vert kor skiljet mellom kunst og design går.
TRENG DU MADRASS?
Det mjuke underlaget for tilskodarane kom på plass via eit inntrykk i Bergens Tidende og ei lita innsamling frå Miljøhuset.
– Eg har ikkje bil, og måtte difor gå rundt med madrassane på ei tralle i sentrum, flirer Elida Brenna Linge.
– Men når utstillinga er ferdig no komande søndag, har eg plutseleg mange madrassar. Så om nokon treng ei ekstra madrass, er det berre å møte opp der og då.