Kva er den største skriftlege utfordringa for jusstudentane?
Den største utfordringa må vere korleis dei skal kombinere juridisk presisjon med eit mest mogleg forståeleg språk.
Korleis kan framtidas advokatar verte flinkare skribentar?
Mitt beste tips er at studentane les godt skrivne tekstar. Då er det sjølvsagt naudsynt å vete kven som skriv gode tekstar. Og då reknar eg med ditt neste spørsmål er: «Kva er ein god tekst?».
Ja. Kva er ein god tekst?
Det må kvar enkelt mest finne ut sjølv, men den kan vere skrive av fagpersonar, journalistar eller forfattarar. Spør gjerne andre om tips til gode skribentar. Det eksisterer mange dårlege tekstar rundt omkring. Dei fleste tekstane er eigentleg det.
Kva språkdebatt er det som engasjerer deg mest nett no?
Når det gjeld språk er eg interessert i alt. Men kanskje spesielt at ein må ta vare på norsk som eit fullverdig skriftspråk. Legg merke til ordlegginga: Norsk som eit fullverdig språk. Det er det vi arbeider med i Språkrådet. Det er òg det språkpolitikken dreier seg om no.
Kva språkfeil irriterer deg mest?
Orddelingsfeil. Folk som skriv «is biter» og «lamme lår». Det er så utruleg håplaust, og ligg på eit nivå under det eg har lyst til å diskutere. Men sidan du spør så får eg heller nemne det. Eg forstår ikkje korleis folk kan gå ut frå ungdomsskulen og framleis skrive «buss ruter». Lærarane må presisere overfor elevane at dei ikkje kan stole blindt på retteprogram når dei skriv. Kva trur du at det kjem av?
Eg trur engelsk kan ta på seg litt av skulda.
Ja. Desse retteprogramma er jo gjerne på engelsk.
Skriftleg hjartesukk har du allereie nemnd. Men kva gleder deg mest ved språket vårt?
Eg set pris på personar som snakkar og skriv godt. Det hadde til dømes vore ein fryd om Noreg hadde hatt ein norsk Barack Obama.
Kva er det kjekkaste med å vere direktør i Språkrådet?
Eg arbeider med noko som vedkjem oss alle; Språket vårt. Det viktigaste som menneska har. Og dét er jo eit privilegium.