Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Føleide og K7 Bulletin.

Denne baksida kan skade omdømet til NHH


VART FJERNA: Etter att 2 000 eksemplar av K7 Bulletin forsvann natt til tysdag, valte studentavisa å lage eit andre opplag av avisa. Utan Lars Føleide. Her står redaktør Andreas L. Farberg med første opplag. ARKIVFOTO: HÅKON FREDEFOSS

 
MER OM DENNE SAKEN:
– Grunnlag for å klage
DETTE ER SAKA:

På eit nachspiel i regi av Direksjonsmusikken ved NHH, vart Lars Føleide bite i auge av ein medstudent.
I rettsaka krevde han 36 millionar kroner, men fekk berre fem tusen kroner til å dekke legeutgifter.
Tysdag vart han på den satiriske baksida av K7 Bulletin blant anna omtala som sutrete, bortskjemt, grisk og røyndomsfjern.
Natt til tysdag forsvann 2 000 eksemplar av avisa frå NHH.
Tysdag kveld kom andre opplag av avisa på nett. Torsdag kom papirutgåva.
I andre utgåve var baksida kvit og med teksten: «Vi beklager til alle involverte. (men det var morsomt så lenge det varte.)»
Ifølgje Bergensavisen er bilete av Føleide brukt utan løyve.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
K7 BULLETIN
– Eit personangrep som dette høyrer ikkje heime i norsk presse, seier framtredande PR-rådgivar om baksida i siste nummer av K7 Bulletin.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN og BENJAMIN STRANDQUIST

I samband med at NHH-student Lars Føleide har saksøkt ein medstudent for 36 millionar kroner, omtala studentavisa ved Norges Handelshøyskole (NHH) han i lite flatterande ordlag. Under overskrifta «JEG ER OFFERET» vert han i ei satirespalte blant anna skildra som sutrete, grisk, narsissistisk og røyndomsfjern.

– Eg synest det er viktig og riktig av K7 Bulletin å omtale saka. Når ein leverer eit søksmål må ein rekne med at ein vert eksponert i pressa med namn og bilete. Men eit personangrep som dette høyrer ikkje heime i norsk presse, seier Stein Jacob Frisch, dagleg leiar i kommunikasjonsbyrået Geelmuyden.Kiese.

PERSONANGREP

Frisch meiner at baksida kan skade omdømet til NHH.

– Baksida og søksmålet gir ei ripe i lakken for omdømet til NHH. Slik oppførsel gir eit useriøst inntrykk, og høyrer meir heime på ein ungdomsskule enn det som skulle vere ein utdanningsinstitusjon i verdsklasse.

Jan I. Haaland, rektor ved NHH, seier han har særs lite til overs for oppslag som kan verke sjikanerande og støtande. Baksida omtalar han som «uheldig».

– Eg håpar ikkje oppslaget skadar omdømet vårt. Alle som er knytt til NHH, både enkeltpersonar og organisasjonar, bør tenkje på at det dei seier og gjer kan påverke oppfatninga av skulen.

FORSVINNINGSNUMMER

Natt til tysdag forsvann 2 000 eksemplar av K7 Bulletin. Verken Kjernestyret eller ansvarleg redaktør, Andreas L. Farberg, veit meir om dette. Etter dette valte avisa å trykkje ei andre utgåve, som kom ut torsdag.

– Kvifor valde de å trykkje ei andre utgåve?

– Vi syntest det var veldig synd at avisa vart stelt, ettersom det låg mykje frivilleg arbeid bak avisa. Vi aksepterer ikkje at nokon prøver å sensurere oss ved å fjerne alle avisene, og difor trykte vi opp eit nytt opplag, seier Farberg.

FLEIRE AVISER ATT

Farberg erkjenner at baksida fekk meir merksemd i media enn venta. I Bergensavisen (BA) onsdag 25. februar, fortel han at baksida vart endra for å unngå at òg andre utgåve vart stelt.

I den andre utgåva er baksida med Føleide bytta ut med ein kvit bakgrunn og teksten: «Vi beklager til alle involverte. (men det var morsomt så lenge det varte.)». Stein Jacob Frisch i Geelmuyden.Kiese meiner endringa underbyggjer useriøsiteten som har funne stad.

– Den nye baksida gir inntrykk av at ein har vorte instruert om å be om orsak, men ikkje har noko eige ønskje om å gjere det. Anten får ein la vere, eller så får ein gjere det skikkeleg.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


Kommentarer (gammelt system)



Det eneste "offeret" i denne saken ser ut til å være den jevne student på NHH som må lide under idiotiet fra De som utøvde volden, Føleides idiotiske krav og Farberg idiotiske bakside.

Jeg håper alle forstår at dette er utenformennesker på NHH som ikke representerer kulturen innad på noen måte.


..er sjeleglad for at jeg er så utenfor "kulturen innad" at jeg slipper å bekymre meg over om jeg er et "utenformenneske"...



  SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE