Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

– Grunnlag for å klage


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
K7 BULLETIN
– Det er verd å diskutere presseetikken i dette, meiner Trude Hansen i Norsk Presseforbund.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN og BENJAMIN STRANDQUIST

Lars Føleide karakteriserer baksideoppslaget som sjikane. Den nye baksida har han heller ikkje mykje til overs for.

– I staden for å be om orsaking til meg, skriv dei «til alle involverte». Det er eigentleg ikkje ei orsaking, seier NHH-studenten til Studvest.

Heilt sidan oppslaget kom i førre veke har han vurdert å melde saka til Pressens Faglige Utvalg (PFU).

– Det er viktig å setje eit døme for studentaviser på kva som er greitt og ikkje greitt å tulle med, meiner Føleide.

– VERD Å DISKUTERE

Trude Hansen i Norsk Presseforbund meiner det er grunnlag for å klage saka inn til PFU, men vil ikkje spekulere i kva utfall denne saka ville fått.

– Men det er absolutt verd å diskutere presseetikken i dette. Det høyrest ut som det er grunnlag for å klage, seier organisasjonssekretæren.

– Utfallet i slike saker vert ofte avgjort ut i frå om klagaren er ein offentleg person. Kan ein definere Føleide som ein offentleg person?

– Ein kan ikkje definere han som offentleg person i den forstand at han har ei offentleg rolle. Men når ein har stått fram i media, kan ein ikkje velje når media skal slutte å omtale ein. Folk må ha rett til å ytre meiningane sine.

– MÅ GJERNE KLAGE

Ansvarleg redaktør i K7 Bulletin, Andreas L. Farberg, seier Føleide står fritt til å klage inn saka for utvalet.

—Det får han berre gjere. I Noreg har vi ei fri presse, men òg eit kontrollorgan som skal vurdere om pressa har gått over streken. Føleide har all rett til å nytte seg av dette, seier Farberg.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE