Få hits i sikte. Så var den endeleg her. Plata som alle U2-fans har venta på, svoltne etter fem år utan nytt frå rockeheltane sine. I forkant av platesleppet fekk vi høyre den upolerte førstesingelen «Get On Your Boots», fekk publikum ein indikasjon på kva dei hadde i vente: Ei eksperimentell, men ikkje nødvendigvis altfor fengjande plate. Rett nok vil songen sikkert få rockefoten i gong når Bono grip mikrofonen på scenekanten, men den gleda ikkje majoriteten av kritikarar som fekk eit tjuvglimt av plata.
Dette er den tolvte plata til dei irske rockerane. Og det måtte jo, på eit eller anna tidspunkt, verte vanskeleg å finne på noko nytt. Men dei har prøvd – og i dette tilfellet – mislukkast. Frå dei gode og stødige rockesongane, har dei i denne omgang valt å pøse med lange og nærast heilt stilleståande verk. Som til dømes «Moment of Surrender» og «Unknown Caller». «Magnificent» er den sangen på plata som liknar mest på gamle U2, og samtidig er blant dei to beste frå skiva.
Her er det rett og slett for få hits. Fansen kjem nok til å skaffe seg plata, men sjølv dei må nok innrømme at dei har høyrt betre frå Bono og co. Når det er poengtert: Her finst lysglimt, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er favorittar ved første gjennomhøyring. I mine auge er «I’ll go Crazy If I Don’t Go Crazy » og «Magnificent» to sterke songar. Tekstane på samtlege av spora er samfunnsengasjerte og gode, men er det nok til at fleire enn dei mest ihuga fansen vil presse denne plata inntil brystkassa?
«The sweetest melody is the one we haven't heard » syng vokalisten sjølv når ein har kome halvvegs ut i plata. Og det er nettopp litt den kjensla eg sit att med etter å ha høyrt gjennom desse tonane. Betre lukke neste gong, karar. All forandring er verkeleg ikkje av det gode. Attende til skissebrettet!
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.