Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Bigbang


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKKOMTALER
«Edendale»
(Grandsport Records/Warner Music Norway)

Karakter: B

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Polerer uttrykket. Etter fullført plateprosjekt i 2007 under tittelen «Too Much Yang», pakka Bigbang sekken og flytta til California. Vel framme har dei i to år nytta dei lokale scenene til å spre musikken sin til eit ytterlegare større publikum. Noko som blant anna resulterte i ein amerikansk platedebut. Og det er ein real dose Amerika vi får høyre på «Edendale», som òg er det gamle namnet på ein bydel i Los Angeles.

Bigbang køyrer framleis same grunnoppskrift, og ein har dimed ikkje vanskar med å kjenne att den karakteristiske rocken. Men via utanlandsopphaldet har dei fått hjelp til å reindyrke uttrykket. Dette er ryddigare, meir organisert, godt komponert og detaljrikt. Og ikkje minst: Vokalist Øystein Greni gir seg i kast med ulike stilar. På «Jumpsuit» snakkesyngjer han tilbakelent og sjølvsikkert til stødige og kjappe gitarhandteringar. På «To the Max» dristar han seg til nærast Bee Gees-lys røyst på refrenget, eller sårt og nydeleg som på debutsingelen «Swedish Television».

Og så har ein Led Zeppelin-hyllesten i «Isabel»: Lange stødige gitarriff som byggjer melodien oppover og oppover, til Greni sjølvsikkert tek over roret, og det heile vert avslutta med lydar som minner om plateinnspeling i ein garasje. Og alt saman passar utruleg godt i hop! Beint fram sørstatsrock, servert av utflytta nordmenn. Var det dette som skulle til for å gjere ei god platerekkje endå betre, kan dei gjerne hauste meir erfaringar frå statane før dei vender nasen heimatt.

Blant favorittane er «Freeway Flowers» som med sitt allsongvenlege refreng truleg vil ende opp som ein sommarhit. «Jumpsuit» med sin spesielle vri og bånn gass. «Isabel» som er ein nydeleg og lang ballade. Og «Bag of Leaves» – Bigbang slik vi kjenner dei. Det som trekkjer dei frå toppkarakter er delar av blant anna «One Step At A Time» som er hakket for repeterande og søvndyssande. Og så har ein «Call Me» som går i andre retning, og endar opp med ei heseblesande gjennomføring. Men dei andre åtte spora er absolutt godkjend! Ikkje anna å gjere enn å glede seg til sommar og allsang av «Freeway Flowers».



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR