Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Musikk.

Siktar mot internasjonale farvatn


SØT MUSIKK: Av åtte bandmedlem er der to ektepar og eit kjærastepar. At kjærastane er ein del av turnélivet, meiner Pony the Pirate gjer at dei kan gi 100 prosent for å kapre eit større publikum. F.v. Kurt André Aase, Kristian Harnes, Ole Ådland, Joakim Johannessen, Camilla Sæle Merkesvik, Erik Nerheim og Elin Johannessen. FOTO: CAMILLA HOLM BIRKELAND

 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKK
Usignerte Pony the Pirate skylte over bergensbølgja i Urørt-finalen. Allereie drøymer dei om å satse internasjonalt.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Etter å ha vunne Årets Urørt, har Pony the Pirate saman med Norma Sass gitt seg i kast med turné i regi av NRK P3. Men sjølv om ein avtale med noko plateselskap enno ikkje har kome på plass, drøymer dei om å ri indiebølgja over i internasjonale farvatn. Torsdag i førre veke spelte bandet på Hulen.

– Det er vanskeleg å få til fleire Noregsturnéar. Går ein utanlands er marknaden mykje større, seier vokalist Joakim Johannessen.

UTKONKURRERTE BERGENSARANE

I Urørtfinalen var over halvparten av deltakarane frå Bergen. Då piratane stakk av med gullplasseringa, måtte Fjorden Baby! og John Olav & Gjengen ta til takke med sølv og bronse.

– Å vinne over dei kjendest nesten litt for godt ut, flirer Ole Ådland på klingande bergensk.

– Å kome blant topp fem hadde vi rekna med, men at vi skulle vinne kom som ei overrasking, seier Joakim.

– Kva skal de bruke dei 25 000 kronene til?

– Kjøpe hasj til Fjorden Baby? spøkjer vokalisten.

– Nei då. Pengane har vi brukt til å spele inn ein EP, slik at vi har hatt noko å selje under turnéen.

NATURLEG EP

Innspelinga fannt stad i Ortnevik, ei bygd på sørsida av Sognefjorden i Høyanger. Med pågangsmot og bilen full av instrument, installerte dei seg i huset til Camilla i bandet. På to og ei halv veke spelte dei inn fem songar på EP-en «This is Psychopedia!».

– Det var godt å kome seg vekk frå Oslo og få jobbe med ein slik fin natur som ramme. Det vart gjerne fem timar i strekk med opptak, seier Joakim Johannessen.

For augneblinken er bandet i samtale med eit plateselskap som dei truleg vil signere kontrakt med. Ei plate kjem tidlegast etter sommaren, seinast på nyåret.

SØT MUSIKK

Som for mange andre musikarar, byrja òg historia om Pony the Pirate i Bergen. Sju av åtte bandmedlem gjekk på Kongshaug Musikkgymnas. Det åttande medlemmen, Elin Johannesen, vart gifta inn i bandfelleskapen via vokalisten. I oktetten er der to ektepar, eit kjærastepar og to single karar.

– Dei tette relasjonane trur eg skapar større stabilitet. Vi freister å lage noko som kan vare ei stund, seier Joakim før bandkompisen fyller ut svaret:

– Når ein er på turné kan det vere vanskeleg å ha å ein kjærast som sit heime. Når kjærasten er med får vi høve til å drive med musikken på heiltid, forklarar Ole.

KONSERT FØR SOMMAREN

– De skildrar musikken som «ein indieprotest mot slitan rock utan bodskap». Kva bodskap kan vi finne i «Walk the Shame»?

– Den tek utgangspunkt i det å miste eit born. Alle har vi ei skamkjensle – men vi kan ikkje la livet stoppe opp, forklarar Joakim Johannessen.

– Kor mykje er de villige til å satse for musikken?

– Avtalen er at vi i alle fall skal spele saman i to-tre år. I denne perioden gir folk alt, lovar frontfiguren.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE