Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Heroes & Zeros


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKKOMTALER
«Simian Vices Modern Devices»
(Nightliner/Universal)

Karakter: C

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Unorsk og sjangermessig udefinerbar. Å setje musikken til Heroes & Zeroes i bås er ingen enkel sak. For «norrbaggarna» å overgå etablerte artistar i same udefinerbare bås er òg vanskeleg. Då bandet var oppvarmarar for Smashing Pumpkins i Oslo i fjor klarte dei likevel å spele fletta av hovudattraksjonen. Urørtvinnarane frå 2006 gjer seg godt live. Men gjer det heile seg like godt på plate?

Lillesand-trioen har ikkje lege på latsida. Berre to år sidan debutplata «Strange Constellation» kom, men fleire turnéar og konsertar i inn- og utland seinare, er dei attende i platemanesjen. Legg vi dei ni songane deira under lupa, er det tydeleg at bandet òg har sett utanfor landegrensene etter inspirasjonskjelder.

Det heile startar friskt og freidig. Innbakt i songen «Simian Vices» er det herlege vekslingar mellom musikkstøy som bakteppe, eit godt refreng og fine gitarparti som driv songen framover. Assosiasjonar til instrumentalparti frå Motorpsycho og Radiohead er vanskeleg å unngå. Eksperimenteringa deira og den dystre tematikken snurpar parallellane endå tettare.

«Cipramillion» må merkast som den viktigaste songen på heile plata. Her slår vokalen til Hans Hørgen Undelstvedt følgje med Anne Lise Frøkedal, ei dame som er kjend frå bandprosjekt som Harrys Gym, I Was a King og O.S.A. Ein herleg og harmonisk kombinasjon. «Iron Honey & Gold» og «Ferric Taste» har òg ein herleg variasjon og gode parti i seg. Dette vert betre for kvar gong ein høyrer det.

Problemet melder seg derimot når ein ser heile plata under eitt. Dei regjerer scenekanten, men å ha forflytta plateinnspelinga i ein bakgard og på ei sørlands-hytte, har ikkje gjort sitt for å skape futt og spenning i spora. Dette vert for likt. For einsformig. For mykje i same dur (her kjem gitarsoloen på fire minutt i den totalt sju minutt lange songen «Fattening Frogs For Snakes» inn i biletet).

Dei færraste songane klarar å skilje seg ut i mengda. Radiohead og Motorpsycho er definitivt framleis ein del hakk over Heroes & Zeroes. Når det er sagt: Likar du Radiohead, er du programforplikta til å eige denne plata. Og som ein «fun fact» kan det jo nemnast at det er bergensaren Martin Kvamme som har designa coveret.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


Kommentarer (gammelt system)



Eg meiner Fattening Frogs For Snakes er det beste med heile plata... :)



  SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR