Aimar Alkholt, tidlegare sjef Phonofestivalen
– Det er viktig å ha eit frivillig alternativ til dei profesjonelle aktørane, spesielt når det gjeld konsertar. Kvarteret gjenspeglar etterspørselen frå studentmassen.
Sigmund Grønmo, rektor Universitetet i Bergen
– Kvarteret har hatt ein del provisoriske løysingar, men ingenting er sjølvsagt så godt som å få på plass bygget att. Det er ein samlingsstad som ligg sentralt og nært Universitetet, og er eit knytepunkt både sosialt og kulturelt sett.
Frøydis Moberg, dagleg leiar BRAK
– Det er ei scene som støttar lokale og mindre kjende artistar, samt ei rekrutteringskjelde som får fleire nye inn i musikkmiljøet. Dei er òg ein av få stadar som har rom til 450 publikummarar.
Mari Garaas Løchen, ansvarleg redaktør Studentradioen i Bergen
– Dei er viktige for studentar generelt, blant anna når det kjem til eit samhald i miljøet. Sjølv har vi i radioen hatt arrangement som Phonofestivalen på Kvarteret. Slik er det ein arena der vi er synlege og kan nå ut til studentane.
Eirik Tenfjord, leiar NSU-NHHS
– Det er ein av dei største kulturinstitusjonane for organiserte studentar i Bergen. Etter at dei forflytta seg til NG2 og Verftet, har det vore eit stort tap av arrangement. Det er eit samlingspunkt med ei stor breidde.
Sigve Berge Hofland, teatersjef Immaturus
– For oss vert det eit ny tilvere å bruke den nye scena, ettersom vi har arbeidd under lite optimale forhold. Det vert òg ein møteplass. Opninga er med på skape samhald i studentorganisasjonane att.
Jørgen Solberg Knutsen, leiar ASF
– Vi treng eit sentralt hus som tener studentane sine interesser i heile feltet frå klubb til politikk. I tillegg treng vi den feitaste konsertscena i form av Teglverket på plass fort.
Mikal Telle, manager
– Garage og Hulen har rom til 2-300 personar. Verftet og Ole Bull Scene har rom til 6-700 personar. Som manager saknar eg noko for rundt 4-500 personar, ettersom det ofte er det artistane treng. I tillegg har sjølvsagt heile huset til Kvarteret eit unikt konsept.
Rebekka Kvelland, leiar Studentersamfunnet i Bergen
– Det er positivt for studentane å ha eit hus som er lett tilgjengeleg med eit vidtfemnande kulturtilbod til rimelege prisar. Lokala på Kvarteret legg til rette for at arrangement kan verte haldne i rom som passar studentorganisasjonane.
Helene Christiansen, leiar NSU-UiB
– Det er viktig for studentane å ha ein samlingsstad der det er liv og engasjement. Og for Bergen som ein studentby er det viktig å ha eit hus for kultur og debatt.