Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

– Eit vakuum etter Kvarteret


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
KVARTERET
— Rundt 50 band kan ha gått glipp av spelejobbar, seier «Engelen» som meiner det «jaggu er på tide» at studenthuset kjem på plass att.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Musikkritikar og deleigar i platebutikken Apollon, Einar «Engelen» Engelstad, meiner ein utan dei mange konsertane i regi av Det Akademiske Kvarter, ikkje har hatt eit fullgodt springbrett for ukjende musikarar.

– Problemet dei siste åra har vore mangelen på velmeinande, naive og idealistiske personar som arrangerer konsertar av rein og skjær interesse utan å tenkje profitt, seier musikkritikaren.

– Dette gjer at dei mellomstore banda for spesielt interesserte ikkje har fått spelejobbar.

– UTNYTTA IKKJE POTENSIALET

Kvarteret har vore utan eige hus sidan dei stengde dørene 1. april 2007. I mellomtida har konsertar og arrangement blant anna vore lagt til NG2 og USF Verftet. Ei løysing som Engelstad ikkje har for mange godord om.

– Kvarteret har aldri klart å utnytte potensialet fullt og heilt. Når konsertar vart flytta til Verftet gjekk det rett vest. Det er for langt vekk for folk, trur bergensaren.

Utflyttinga frå huset trur han òg har fått uheldige ringverknader for miljøet.

– Ein fekk plutseleg fem-seks mindre konsertar per veke i Bergen. Gang det med talet veker, og det er snakk om eit par hundre konsertar for året. Rundt 50 band sine første spelejobbar har gått fløyten fordi dei ikkje har hatt ein arena å spele på, meiner Engelstad.

ALLTID EIT PUBLIKUM

Sjølv om han ikkje legg skjul på at Kvarteret i somme tilfelle ikkje har vore ein fullgod profesjonell aktør for konsertar, er det litt her han òg ser den store styrken deira.

– Dei låg midt i lysløypa, hadde gratis inngang, og det var staden der ein trefte kjende. Folk kom alltid dinglande uansett. Det var alltid ein konsert – og det kom alltid eit publikum. Hadde ein arrangert dei same konsertane ein annan stad, ville det ikkje ha trekt like mange.

STARTA KARRIERA VED KVARTERET

Ein av dei som fekk sjansen til å spele på Kvarteret i startgropa av karriera er Sveinung Sundli frå Gåte.

– Det vart arrangert fest på huset og vi fekk spørsmål om å spele. Vi hadde ikkje vore saman som band lenge, og fekk plutseleg eit stort publikum å spele for, seier felespelaren som i 2004 var med på å etablere Storåsfestivalen.

– Spelejobben var utvilsomt med på å opne dørene for oss i Bergen. Vi spelte i Stavanger og Oslo òg, men der slo vi ikkje gjennom like fort som i Bergen, fortel Gåte-musikaren.

Uthev: Rundt 50 band sine første spelejobbar har gått fløyten fordi dei ikkje har hatt ein arena å spele på. Einar Engelstad, musikkritikar.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE