– Det var utruleg kjekt at vi fekk i gang ei generalforsamling. Spesielt no då det var val til styret, og at vi treng å rekruttere nye medlem, seier Kvarteret-leiar, Erik Oramas.
Då generalforsamlinga (GF) offisielt byrja klokka 1500 førre søndag, var det 83 studentar med stemmerett til stades. For at forsamlinga skal vere vedtaksdyktig, må det vere 100 oppmøtte med stemmerett. Etter ein halvannan time, og ei iherdig ringerunde frå dei allereie oppmøtte for å trekkje fleire til Studentsenteret, vart minimumsgrensa overskride. På det meste var 115 til stades.
KOMPLETT STYRE
På GF-en stilte fire personar til stillingane som skjenke-, prosjekt-, PR- og eksternansvarleg. i Kvarteretstyret. Styret er fordelt på sju stillingar. Dei som stilte til val var Sigrid Otterleiv, Bendik Nagel Støren, Ingrid Norgren og Marte Lunde Tobo. At Kvarteretstyret ikkje har vore komplett, har i oppussingsperioden av det nye bygget ført til ekstraarbeid på dei som har vore med dette semesteret. Kva for posisjon dei nyvalte vert tildelt, vert først avklart i løpet av denne eller neste veke. Nagel Støren og Lunde Tobo har begge erfaring frå Studentersamfunnet i Bergen. Ingrid Norgren studerer ved Høgskolen i Bergen og har leiarerfaring frå tidlegare verv. Sigrid Otterleiv har vore økonomiansvarleg og varapresident i Realistforeningen (RF).
OPPGRADERER FØR INNFLYTTING
På GF-en var budsjett, men ikkje rekneskap eller investeringsbudsjett til Det nye Kvarteret klart. På søndag vart det blant anna vedteke å få ein ny trosserigg på 170 000 kroner til Kraftselskapet. Eit stativ som held oppe høgtalarar og lamper til konsertlokale. Noverande utstyr heng med gaffateip og strips, og utgjer ifølgje leiar for Kraftetaten, Erik Milford, «ei fare for både publikum og artistar». Det vart òg vedtatt å få blant anna nytt samband til vaktene i Vaktetaten. Dette for å lette kommunikasjonen på store arrangement.
EIT ÅR SIDAN SIST
Ikkje sidan mai 2008 har Det Akademiske Kvarter klart å gjennomføre eit heilt møte. Då Kvarteret klatra over 100-grensa ved GF i november, måtte møtet avlysast etter tre timar, då det ikkje lenger var nok stemmeberettiga personar att. Oramas meiner store og viktige saker, kombinert med marknadsføring i forkant, var med på å trekkje fleire folk i helga enn førre gong. Då mangla over 40 stemmeberettiga.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.