Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Uteliv.

Strøymer til uteplassane


ÉIN TIL. Stor konkurranse mellom uteplassane i fadderveka skjerpar prisane og reduserer inntektene. FOTO: LINE ANDREASSEN SILSETH, LINE.SILSETH@STUDVEST.NO

 
MER OM DENNE SAKEN:
Fem på Høyden
Men uteplassane taper gjerne pengar under fadderveka.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN og THOMAS COOK

Berre frå Universitetet i Bergen (UiB) var det i førre veke 5 000 ferske studentar involvert i fadderveka. Denne veka strøymer studentar frå Høgskolen i Bergen og BI til utestadane. Men ingen av aktørane ler heile vegen til banken.

EIGENREKLAME

The Scotsman lukkar spritsalet i to veker når dei opnar dørene for fadderborn. Studentprisar gjer òg at Scotsman ikkje reknar med topptal.

– Prisane gjer at vi taper litt pengar. Men fadderveka er òg ein veldig god måte for oss å få vist fram utestaden for nye studentar, seier dagleg leiar Thomas Arildsen.

– Sommarperioden er veldig roleg, medan salet knallar til når studentane kjem tilbake. Vi har hatt køer på over 100 meter. Heile fadderveka har vi ope for 18-åringar, fortel Arildsen.

SKJERPA KONKURRANSE

Klubb-manager ved Metro, Marius Larsen, har gjort seg dei same erfaringane. Konkurranse mellom utestadane meiner han derimot òg har sitt å seie.

– Under fadderveka krigar aktørane meir om pris enn elles i året, seier Larsen og held fram:

– Besøkstala går i vêret, men det er òg ein kostnad ved å ha faddergruppene innom. Ingen tener på dette. Det handlar meir om å verte best likt blant studentane og få vist seg fram.

Han peiker på at Metro ville hatt meir å tene på fadderveka om dei berre hadde ope fredag og laurdag.

5 000 KRONER

Utestaden til Kvarteret, NG2, hadde budsjettert med ei fadderveke som skulle gi rekordforteneste. Ein auke har det vore - utan at tala er svimlande.

– I førre veke selde vi for til saman nesten 170 000 kroner. Samanlikna med ei vanleg veke er dette rundt 5 000 kroner meir, seier fungerande skjenkeansvarleg ved Kvarteret, Thomas Peter Calder.

SAMARBEID

I motsetnad til tidlegare, har Kvarteret i år inngått eit samarbeid med faddergruppene, og har såleis nytt godt av inntoget av øltørste førsteårsstudentar.

– Før har august vore ein roleg periode for oss, men etter at vi tok kontakt med faddergruppene for å få dei til å leggje pub-til-pub-runda innom oss, har vi hatt god trafikk, seier Calder.

– Allereie onsdag i førre veke var øltanken tom, to dagar etter fadderveka starta. Tanken rommar rundt tusen liter, seier Calder.

– Vil du seie fadderveka er ei velsigning for utelivsbransjen?

– Desse to vekene trur eg heile Bergen tener godt på. Alle studentane kjem tilbake og er gjerne ute og drikk kvar dag, avsluttar skjenkeansvarleg.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE