Styggfint. Det er eit eige spenningsmoment i dette å sitte blant publikum og vete sånn cirka kva musikk du skal høyre, men ikkje kven du vil få servert lydane i frå. For greitt nok, Susanna Wallumrød visste vi kom. Men kva med dette orkesteret som har namn på seg for å vere magisk? Var det ein person? Var det fem? Og ville orkesteret leve opp til namnet sitt?
Fasiten: Vokalist og einmannsorkester. Magisk? Ja.
Det er så stille at vi kan høyre vokalisten bla i songteksten, host frå publikum og korleis musikarkollega Morten Qvenild endrar posisjon på krakken. Og så kjem ho: Den klokkeklåre røysta som eig Studio USF frå første tone. Vi sit att og tenkjer «Går det verkeleg an å syngje så reint?».
Ein kan ikkje ha vakkert utan stygt, og ein kan ikkje ha stygt utan det vakre. Og det er nettopp dette denne duoen har forstått. Sjølv om ikkje alle lydane som kjem frå synthen og miksebordet til Qvenild er direkte nydelege, framhevar desse songprestasjonane. Spraking og lydar som gir assosiasjonar til universet vert skrudd opp - ned - og av. Og så kjem røysta att, og vokalisten tek på ny grep om publikum.
På scena gjer ikkje duoen stort utav seg. Musikken talar for seg sjølv og dei kjem med små artige kommentarar innimellom. Vokalist står heilt i ro på scena og konsentrerer seg om songen. Qvenild skjer på si side grimasar. Uttrykka i andletet som vi i byrjinga feiltolkar til at han spelar feil. Etterkvart forstår vi at dei lukka auga, Stevie Wonder-virringa med hovudet og beinføringa er direkte knytt til konsentrasjonen hans kring musikken. Uttrykka hans vert i det heile med på å gjere stygg-fint-kontrastane til bandet komplett. Og litt meir fascinerande.
Susanna and the Magical Orchestra hadde sin første spelejobb på Studio USF, og hadde denne laurdagen eit verdig «comeback». Eit lite trekk skal dei derimot ha for å vere litt gniten på ekstranummer, då publikum berre fekk klappa dei attende for éin song. Flaks at denne eine songen då var knallgod. Bandet framførte «Jolene» på ein så stødig og særeigen måte at puppedama Dolly Parton verka frykteleg, frykteleg langt unna Verftet. Kven skulle tru at det kunne gjerast reine musikalske kunstverk av å gjere coversongar med ein ny vri.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.