Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Arkeologi.

Skuletur tufta på funn


FANN GAMLE SKATTAR. Førsteårsstudentane Remi Iversen (f.v) og Trond Magne Brudvik fekk testa løynde arkeologiske kunnskapar då dei nyleg hadde «alternativ fadderveke» på Sørlandet. FOTO: IDA ANDERSEN

 

KARTLEGGING. Eit stort område vart finkjemt av studentane for funn. FOTO: PRIVAT

BRYNE. I ei lita fjellsprekk stod den gamle slipereiskapen og venta på BAS-studentane. FOTO: PRIVAT

SUVENIR. Einaste fysiske minnet Ivesen og Brudvik fekk med seg etter turen på Utsira var desse tre flintsteinane. FOTO: PRIVAT
STUDVEST FØLGER TEMAET:
ARKITEKTSKOLEN
Tidsmaskina eksisterer enno ikkje – likevel klarte BAS-studentane Remi Iversen (19) og Tord Magne Brudvik (30) å grave seg 1 500 år tilbake i tid på skuletur.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Medan førsteårsstudentar flest startar semesteret med fadderveke og sprudlevatn, reiser alle dei ferske studentane ved Bergen Arkitekt Skole (BAS) ned til Utsira kommune i ein månad. Ein rundt 11 år gammal tradisjon, der studentane campar i telt og lærer om lys-, vind- og føreforhold.

– Først oppdaga vi nokre steinar som låg litt merkeleg plassert i forhold til kvarandre. Då vi fjerna litt mose og lyfta på steinar fann vi ein klump med slagg, forklarar Tord Magne Brudvik.

MÅKEHUS

Resultatet av det som skulle vere ei opplæring i grunnprinsippa innan bygging av hus, resulterte i fleire funn: Spor etter det som truleg er eit dobbelt tun, ein fjøs, ei smie og eit torvtørkehus. Og ein eldstad, flint og ei bryne. Sistnemnde ein slipereiskap til å kvesse egga på verkty. Og sist: Eit måkehus.

– Måkehus?

– Ja, flirer Iversen og held fram:

– Måkehus var ei oppfinning dei tidlegare brukte for å fange måker. Vi fekk beskjed om at funnet vårt var eit av dei best bevarte husa i området, seier Remi Iversen.

– Kommunen var heilt i ekstase då dei vart klar over kva vi hadde funne, seier han.

– SIDAN STEINALDEREN

Assisterande administrasjonssjef i Utsira kommune var med studentane på turen deira, og er imponert, om enn ikkje overraska over funnet deira.

– Det har vore ein del slike funn i området tidlegare. Truleg har det vore busetnad der sidan steinalderen, men det unike er bryna som dei hadde funne ståande fast i ei fjellsprekk, seier Arnstein Eek.

Administrasjonssjefen, som sjølv er litt hobbyarkeolog, meiner det var artig å vere vitne til så ivrige studentar.

– I tillegg overnattar studentane i telt, så det er eigentleg ikkje så veldig ulikt slik forholda var for dei som budde der rundt folkevandringstida, forklarar Eek.

– FØRSTE FUNNET

Lærar for førsteårsstudentane ved BAS, Trygve Solløs, synest funna er særs spanande.

– Studentane gjorde ein utruleg grundig jobb der nede. Dette er òg truleg den første gongen nokon av studentane våre gjer funn som dette, sjølv om vi har hatt tradisjon for å reise til Utsira i rundt 11 år, seier Solløs.

– Kva har denne oppdaginga å sei for skulen?

– Eg reknar ikkje med at det påverkar skulen i form av auka tilskot, men det er sjølvsagt veldig artig. Vi må prøve å følgje opp dette prosjektet vidare. Blant anna for å få ein endeleg konklusjon frå arkeologane på kor gamle funna er, seier arkitektlæraren.

ÅLEINE PÅ ØYA

Studentane returnerte til byen og eit oppsummeringsføredrag for medstudentane sine 25. september. Med seg i sekken har dei minner frå ein tur utanom det vanlege. Og tre flintsteinar.

– Og kva er konklusjonen?

– Enn kor mykje det bles i området, kor kjipt det var å liggje i telt, at lunsjen består av knekkebrød og ein makrellboks og at vi var rundt 30 personar åleine ute på ei øy: Ingen av studentane reiste heim. Det var ein veldig fin tur, fortel ein nøgd Iversen.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE