– At ingen har stilt til val er ikkje spesielt dramatisk, ettersom det tradisjonelt sett alltid har vore veldig få søkjarar til desse stillingane, seier ansvarleg redaktør Stine Grihamar.
Laurdag heldt Norges Handelshøysskoles Studentforening (NHHS) storstilt valgshow der kandidatar for rundt 50 ulike stillingar innanfor foreininga skulle veljast. Men på den lange lista, var ingen interessert i stilling som nyhende- eller magasinredaktør i studentavisa K7 Bulletin.
– IKKJE PÅVERKA
At ingen redaktørar vart valt i helga, meiner Grihamar ikkje kjem til å påverke avisa.
– No vert det snart suppleringsval, i tillegg til at ei ny stillingsannonse kjem i avisa. Sjølv stilte eg ikkje til val, men vart spurt direkte av ein av redaktørane, forklarar redaktøren.
– Kva trur du er årsaka til at at ingen har stilt til val?
– Eg trur ein av dei viktigaste grunnane er at det i Bulle, grunna historisk låg valdeltaking, etterkvart har vorte vanleg å ordne opp internt. Nokon likar nok merksemda rundt valet, men sjølve valprosessen er nok òg grunn til at enkelte vegrar seg, seier Grihamar.
– Burde ein vurdert eit anna system for tilsetjinga?
– Det vil eg ikkje ta stilling til.
FRAMLEIS ULØNT
Likeins andre stillingar i NHHS, er òg dei to stillingane til studentavisa ulønna, og Grihamar synest det difor hadde vore rart om K7Bulletin skulle hatt betalte redaktør.
– Trur du ein hadde fått fleire til å stille til val om ein hadde hatt lønna stillingar?
– Ingen av stillingane i NHHS er lønna, så det hadde kanskje vorte litt rart.
– Vert det vanskeleg å finne nokon til stillingane?
– Bulle har mange kvalifiserte medarbeidarar, så eg trur ikkje det skal vere vanskeleg å finne nokon i, eller utanfor avisa som kan ta desse stillingane.