Heilt kurant. Då eg først høyrde «Belerado» frå den ferskaste plata «Moonlanding», visste eg at dette var den perfekte denne-opnar-vi-konserten-med-songen. Og sanneleg. Med den fengjande lange gitarintroen kunne vokalist og band kome seglande inn på scena til eit spent publikum. Eit spent, men veldig vaksent publikum.
Og akkurat dette vaksne publikummet sette sitt preg på stemninga. Sivert Høyem er godt likt av mange og kan si synging og traktering av gitar. Men med eit publikum som mest berre nikkar anerkjennande i takt og ein smørsongar som køyrer same trygge oppskrifta som tidlegare, tek det aldri heilt av. Det er fint, men safe.
Ikkje det at nokon av songane er spesielt dårlege, men her er heller ingen overraskingar. Og med unntak av å «øydelegge dette som eigentleg er scenedekorasjon» ved å kaste litt avskorne roser ut til publikum, er det fint lite flørting med publikum. Ein må derimot trekkje på smilebandet etter at ei jente har forvilla seg opp på scena og Høyem kjem med ein passande kommentar: «Eg trur det er best vi held fram med at de står der nede og vi står her oppe».
«Lost At Sea» fungerer ikkje for å få med publikum. Ein kan delvis skulde på at tverrsnittet av publikum ikkje var spesielt ungt, men dette er verken ei rørande ballade eller ein rocka delikatesse. I intervju har Høyem slått fast at han med den ferske plata freistar å leggje Madrugada bak seg, men han hadde heldigvis forstått at ein konsert utan hit-ar frå gamlebandet fort ville vorte vel tam. Ein av høgdepunkta var òg heilt klårt «The Kids Are On High Street» heilt på tampen. Og han landar godt, med ein ganske forventa «Moonlanding» som siste tone. Men la det vere sagt: Det er hovudsakleg den gullkanta røysta, og ikkje sceneshowet som gjer ein konsert med Sivert Høyem god. Likevel - publikum går ut med eit smil i natta etter å ha høyrt den etablerte artisten frå scenekanten.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.