Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 08/02 Kl. 20:29 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Phonofestivalen
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Det Akademiske Kvarter.

Søkjer ny sjef før gjenopning


TRENG ARVTAKAR. Leiar i Det Akademiske Kvarter, Erik Oramas, skal byttast ut etter nyttår. FOTO: CHRIS ANDRÉ AADLAND

 
GENERALFORSAMLING (GF) KVARTERET
Det Akademiske Kvarter sitt øvste organ.
Vert vanlegvis gjennomført ein gong kvart semester.
Blant sakene er godkjenning av budsjett, endring av statuttar og val til Kvarterstyret.
Alle som har betalt semesteravgift til SiB kan røyste ved GF, samt stille til val for Kvarterstyret.
For at GF skal gjennomførast må det vere 100 personar som kan røyste.
Generalforsamling vert halde søndag 22. november i Egget på Studentsenteret.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
KVARTERET
Søndag skal leiar for ein av dei viktigaste periodane i Kvarteret-historia veljast. Noverande leiar, Erik Oramas, gler seg til å ta eit tak for gjenopninga.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

– Kva blir det viktigaste som skal skje på Generalforsamling (GF) i helga?

– Det viktigaste vert nok val av fem posisjonar i Kvast (Kvarterstyret, red.anm.) samt ein del stillingar i Representantskapet (RS). Det kjem mykje informasjon for drifta av Kvarteret etter nyttår, og studentane får høve til å påverke. Elles kjem det alltids nokre interessante statuttendringar, seier avtroppande leiar ved Kvarteret, Erik Oramas.

– Når flyttar de inn i det nyoppussa bygget i Olav Kyrres gate 49?

– Huset tar vi offisielt over 1. desember, og innflyttinga vil skje same månad. I tillegg held vi no på å flytte inn i kontorlokalene våre i Villaen i Fosswinckelsgate 53.

PAUSE FOR NG2

– Kva skjer med NG2 i flytteperioden?

– I romjula vil det naturlegvis vere låg frekvens av arrangement. Etter nyttår vil det derimot ikkje vere arrangement her inntil opninga 5. februar.

– Kva er det viktigaste som skjer for Kvarteret i perioden framover?

– Først opussinga. Deretter å få meir midlar. I utgangspunktet mangla vi seks millionar kroner. No er det snakk om rundt tre millionar kroner. Førsteprioritet er å få i stand kinosalen.

INGEN KANDIDATAR

– Ingen har førebels stilt til val som ny Kvarteret-leiar. Kva skjer vidare?

– Vi jobbar med å få til kandidatar no, men folk vil òg kunne stille til val på sjølve samlinga.

– Du har jobba i eit år med å leggje til rette for gjeninnflyttinga. Korleis vert det å ikkje vere leiar i siste innspurt?

– For meg er det befriande å få høve til å jobbe med dei andre og få vere med på det fysiske arbeidet. Det er heller ikkje ein person åleine som skal gjere jobben, men eit samarbeid med dei andre. Eg kjenner meg trygg på at det vert valgt ein god leiar.

– Noko du vil sei til dei som vurderer å kome på GF?

– Det vil vere mykje fokus på framtidsplanane. Denne gongen vil vi vere strenge på å halde tida. Er det ikkje nok personar som møter opp, vil vi avslutte tidlegare. Eg meiner jo at dette er ei viktig sak å engasjere seg i.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


Kommentarer (gammelt system)



Hallelujah, dette kommer til å bli bra kaos! Etter alle disse årene skal de nå få dette til å fungere? Lykke til! Beklageligvis så kommer nok studentene til å få nok av kvarteret før de klarer å stable en god organisasjon på beina.


Du kan vel være med på det fysiske arbeidet selv om du er leder? Tror ikke det står i statuttene at du ikke kan det.



  SØK I STUDVEST:
SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE