Studentar frå Universitetet i Bergen (UiB) utgjer den største brukargruppa av samlingspunktet Det Akademiske Kvarter. Økonomistudentane har Norges Handelshøyskoles Studentforening (NHHS). Men for dei over 6 500 studentane ved Høgskolen i Bergen (HiB) er miljøet splitta.
– No vil vi invitere studentane til å kontakte oss for å diskutere eit utgangspunkt for Høgskolen i Bergen Studentersamfunn (HiBS), seier medlem og tidlegare leiar i Bergen Teknikersamfund (BTS), Paul Ottar Tornes.
NAMNEBYTE
BTS står for det sosiale tilbodet til studentane ved HiB og var i starten ein organisasjon forbeholdt dei teknisk studerande. I dei seinare åra har det vorte opna opp for alle studentar ved skulen. Likevel er det framleis ingeniørstudentane som representerer storparten av medlemmene.
– Før generalforsamlinga til BTS i helga føreslo leiinga å endre namn på den rundt 130 år gamle organisasjonen. Dette for å i større grad vere open for andre studentar, forklarar Tornes.
– Diskusjon om namnebyte er lagt død etter at GF-en vart erklært ugyldig, men debatten sparka oss i baken for å få samla HiB-studentane, seier han.
Ifølgje Tornes er det no ein kjerne på sju studentar som jobbar med saka.
– HIB-IDENTITET
Intiativtakarane ser føre seg eit utval med representantar frå blant andre Studentparlamentet, BTS og frå dei ulike avdelingane ved HiB.
– Eit delt studentmiljø gir ein ugunstig verknad på miljøet. I forhold til HiB-identiteten er det viktig med engasjement utover studiane, og ikkje minst for skulen sjølv når det kjem til å marknadsføre seg for nye studentar, meiner nestleiar ved Studentparlamentet, Øystein Fimland.
NYTT TALERØR
Formann i BTS, Jørgen Harsem, trur samanslåinga kan få andre positive effektar òg.
– Vi arrangerer til dømes mange aktivitetar som dei andre studentane kan vere med på. I tillegg trur eg det vert enklare å stille krav på vegne av studentane, seier Harsem.
– At avdelingane vert samla i eit felles skulebygg på Krohnstad ligg langt framme i tid, men det er viktig å halde samarbeidet oppe fram til innflyttinga, meiner Tornes.
HiB er delt i tre avdelingar: Ingeniør, lærarutdanning og helse- og sosialfag. På lista over kandidatar som kan samlast under «paraplyorganisasjonen», kjem blant andre Høgskolerevyen, lærarkro, «Sosialdepartementet», Blæst (HiB-storband) og Bergen Teknikersamfund.