I oktober vart det klart at Hordaland fylkeskommune gir 100 000 kroner til Det Akademiske Kvarter i samband med gjeninnflyttinga i Olav Kyrres gate. Onsdag vart det offentleggjort at òg Bergen kommune vil gi støtte til kulturhuset.
– Sidan fylkeskommunen allereie hadde gitt støtte til oss, rekna vi med at kommunen òg vil gjere dette. Men dette er bra. Vi håpar dette fører til ein kjedereaksjon der fleire kanskje vel å støtte oss, seier påtroppande leiar for Kvarteret, Stian Dahle.
NYVALD LEIAR
Det var etter Generalforsamling (GF) for Kvarteret søndag at Dahle vart valgt til leiar frå og med januar av. På GF-en vart det klart at kinosalen Tivoli Kinematografer kanskje ikkje kan opnast i februar grunna dårleg økonomi.
– Pengane frå kommunen gjer derimot at vi truleg kan ta ut meir eigenkapital. Som i andre rekkje gjer det meir sannsynleg å få opna kinoen i februar, seier Dahle.
Kvarteret søkte eigentleg om 500 000 kroner i støtte. Den kommunale støtten er andre tilleggsinnstilling til hovudbudsjettet. Byrådet skal gjere endeleg vedtak i saka 14. desember.
– VIKTIG STØTTE
Byrådsleiar, Monica Mæland, som frå 1. oktober òg vart ansvarleg for Byrådsavdeling for kultur, kyrkje og idrett, meiner støtten til kulturhuset no er spesielt viktig.
– Kvarteret er viktig i studentmiljøet og for Bergen. Ved å gi denne støtten, vil vi vere med på å hjelpe dei til å gjennomføre drifta på best mogleg måte, grunngir Mæland.
– Kjem støtten som eit resultat av at fylkeskommunen først var ute med ein pengestøtte?
– Nei. Tidlegare har vi blant anna gitt Kvarteret ein halv million kroner for at dei skulle kunne opphalde seg på USF Verftet i ombyggingsperioden, seier byrådsleiaren.
INKLUDERER MEDIA
På sjølve GF-en søndag selde Dahle seg inn på at han blant anna vil tenkje nytt om drifta.
– For Bergen Student-TV er det til dømes tiltenkt eit eige rom på bygget, der dei kan sitje og redigere konsertopptak. I tillegg er det tenkt tilsvarande for studentradioen, seier Dahle.
Ifølgje den nye leiaren er det frå gamalt av ein kabel mellom Kvarteret og Studentsenteret.
– Det gjer at radioen faktisk kan sitje og redigere innslaga sine på huset vårt dei òg, seier han.
EIT SEMESTER
Som kriterie for at Stian Dahle tok på seg leiarvervet etter nyttår, tek han jobben med forbehold om å kunne gi seg etter eit semester. Dette sjølv om vervet i utgangspunktet er for eit heilt år.
– Leiarvervet tilsvarar i alle fall ein fulltidsjobb, utan at ein får lønn. Eg trur òg at det er positivt at ein ikkje sit for lenge, ettersom ein gjerne kan få rare kampsaker etterkvart, som ikkje nødvendigvis gagnar organisasjonen, seier Dahle.
– Kan det verte aktuelt å utvide jobbperioden din?
– Sjølvsagt. Det er ei vurdering eg må ta på lenger sikt. No stiller eg i alle fall i stillinga, med forbehold om å kunne gå av etter eit semester.
KVARTERET-BACHELOR
Dahle erkjenner at det er spesielt på grunn av opninga av huset han trur det vert mykje jobb.
– Til sommaren skal eg i tillegg skrive bacheloroppgåve i administrasjon- og organisasjonsvitskap. Kanskje kan eg bruke Kvarteret i oppgåva mi? seier han.
Kvarteret skal optimalt ha 400 medarbeidarar til opninga i februar, men har ifølgje Dahle ved siste telling rundt 180 personar i organisasjonen.
– Dei viktigaste postane gjeld det tekniske, vakthald og skjenkeoppgåver. Noko som tilsvarar rundt 2-250 personar. Vi må i alle fall ha 70 prosent bemanning ved opning for å ha vanleg drift, seier Dahle.