Av til saman 1000 medarbeidarar for UKEN, la totalt 550 frivillige frå kai i Bergen i retning Hirtshals måndag. Men sjølv om meir enn halvparten av UKEN har kosa seg på cruise i tre dagar, stoppar ikkje arbeidet mot Vestlandets nest største kulturarrangement opp. Tysdag kom to nye namn på plakaten.
– Fredag klokka ni vert billettar for deLillos og Thom Hell lagt ut, seier PR-sjef Jonatan Asplin.
FIRE MINUTT
Frå før av har UKEN allereie sikra seg Casiokids, 50 Cent og Klovner i Kamp, der billettar til 50 Cent vart rive vekk.
– Dei 1000 første billettane til 50 Cent vart utseld på fire minutt. Dei siste 150 billettane for konserten vert seld seinare, forklarar Asplin.
På sjøreisa som skal gjere sitt for lagkjensla til UKEN, vart òg temaet til revyen deira annonsert.
REVY PÅ HEILTID
– Temaet for revyen vår vert «Amatør», ettersom målet vårt er å vere dei mest proffe på amatørrevy i Noreg. Her vil den raude tråden vere korleis alle kan vere amatørar i ulike settingar, seier PR-sjefen.
Allereie i september vart dei til saman 50 frivillige bak revyen sikra, men det er først etter jul fullkøyret har starta.
– Dei låsar seg inn i Aulaen og skalkar alle dører. Vi har faktisk ein eigen person som passar på at ingen uvedkomande kjem inn, for å hindre at nokon hemmelegheiter om revyen slepp ut, avslører Asplin.
– De har faktisk ein person som utelukkande skal sørgje for å halde folk unna?
– Ja, men ikkje som ei dørvakt akkurat. Det har med med at ein treng nøkkelkort for å kome seg inn i Aulaen, seier Asplin og dempar litt på hemmelighetskremmeriet.
– Elles: Har de andre artistslepp i ermet som er på høgde med 50 Cent?
– Han er utan tvil headlineren vår, men vi har absolutt fleire artistar som alle har høyrt om, avslører Asplin.